Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Universiteit Antwerpen og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByAntwerpen
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på studieprogramma i samanliknande politikk har fortrinn på plassane før studentar frå administrasjon og organisasjonsvitskap og andre samfunnsvitskapelege fagområde. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Det er mogeleg å søke enten for eitt semester, eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester i studiet. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er flamsk og engelsk.

Det er anbefalt at studentar som skal følge undervisning på engelsk har kunnskapar i tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningsljer for språkkompetanse (CEFR).

Institusjonen tilbyr språkkurs til innreisande. Meir informasjon om dette tilbodet finn du på Universiteit Antwerpen sine nettsider.

Kva emne kan eg ta

Fakultetet for politikk og samfunnsvitskap ved Universiteit Antwerpen tilbyr emne blant innanfor «Political Science», «Sociology» og «Communication Science». Det statsvitskapelege instituttet tilbyr emne innanfor både offentleg administrasjon, samanliknande politikk, internasjonale relasjonar og europeisk integrasjon. På denne nettsida finn du ei oversikt over emnetilbodet. Ein kan òg velje inntil to emne frå andre fakultet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart av emna ved Universiteit Antwerpen er gjerne på 3, 6 eller 12 ECTS.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universiteit Antwerpen blei til ved ein fusjon mellom tre tidlegare uavhengige universitet i 2003. Det er eit av Belgias største, med ni campusar og rundt 20 000 studentar. Universitetet har eit breitt fagtilbod, og satsar på forsking blant anna innanfor felta nanoteknologi og materiallære, økologi og berekraft, epidemiologi og sosioøkonomisk politikk og administrasjon. Universitetet sine bygningar ligg spreidd rundt i byen.

Antwerpen har 512 000 innbyggarar Belgias nest største by. Han ligg ved utløpet av elva Scheldt mot Nordsjøen, ikkje så langt frå grensa til Nederland. Bynamnet tyder «kaste hand». Legenda seier at det rådde ei kjempe her, som kravde skatt av alle forbipasserande og kutta handa av dei som nekta å betale. Kjempa fekk si bane då ein ung helt gjorde hemn med same mynt. Antwerpen er historisk sett ein svært viktig hamneby, og er elles kjend for diamanthandel og kunst. Meir enn 85 prosent av verdas rå diamantar kjem innom Antwerpen på si ferd mot verdsmarknaden.

Bustad

Universitetet har somme eigne studentbustader, og samarbeider med private eigde studentheimar om å tilby bustad til sine internasjonale studentar. Søknad om bustad kan sendast via internett innan ein gitt frist kvart semester. Universitetet kan òg gi råd til dei som ønsker å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

brukt_universiteit_antwerpen.jpg

Flott bygning
Foto:
© Universiteit Antwerpen

Informasjon