Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Université de Liège og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByLiège
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på studieprogramma i samanliknande politikk har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen, men også studentar frå administrasjon og organisasjonsvitskap og andre samfunnsvitskapelege fagområde kan søke. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før utreise.

Det er mogeleg å søke for eitt semester, eller for eit heilt år. Ver merksam på at eksamensperioden ved universitetet ligg i januar.

Når i studiet kan eg reise

Normalt vil det passe best å reise på utveksling for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester i studieprogrammet. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitet er fransk og engelsk. Det er anbefalt at ein har kunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Université de Liège tilbyr språkkurs til innreisande studentar. Meir informasjon om denne ordninga finn du på universitetet sine nettsider.

Kva emne kan eg ta

The Department of Political Science tilbyr emne innanfor «Political Sciences», «International Relations», «Public Administration and European Studies». På denne nettsida finn du informasjon for innreisande studentar og ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna Université de Liège tilbyr utgjer i dei fleste fall 3-6 ECTS per emne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Liège har 20 000 studentar fordelte på i alt tolv fakultet og skular. Universitetet har to større og fire mindre campusar. Den eldste campusen ligg i sentrum av Liège, i det gamle latinske kvarteret ved elva Meuse. Den andre store campusen er Sart Tilman, som ligg ti kilometer sør for byen. Universitetet sine utdanningar innan landbruk og bioingeniørfag ligg i Gembloux. Det har òg avdelingar i Arlon og Mont-Rigi, og eit forskingssenter for oseanografi på Korsika.

Liège er Belgias fjerde største by, med rundt 200 000 innbyggarar. Han ligg i den fransktalande delen av Belgia, ein halvtimes køyretur frå Nederland. Liège var eit viktig senter for akademiske syslar alt i middelalderen, og har av denne grunnen fått kallenamnet Det nye Athen.

Bustad

Universitetet har kun eit fåtal eigne studentbustader, men dei har til gjengjeld eit studenthotell der det er mogleg å leige rom for kortare periodar. Det er mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Liège om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

August - januar og februar - juni.

045c_tilt_ulg_dr_aeriennes.jpg

Oversikt over campus
Foto:
045© TILT ULG DR Aeriennes

Informasjon