Hjem

Utdanning

erasmus+

Université catholique de Louvain og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByLouvain-la Neuve
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. eller 7. semester.

Grunna studieåret ved Université catholique de Louvain med ulik inndeling av haust og vårsemester frå UiB, er det ikkje mogeleg for profesjonsstudentar eller bachelorstudentar som berre kan reise på utveksling i haustsemesteret, å reise på utveksling til dette universitetet. Studentar kan reise på utveksling til hit i eit heilt studieår eller i berre i vårsemesteret.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.

Språkkrav: B1.

Dersom du ikkje har nok franskunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Lånekassen har òg eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå UiB.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 5. eller 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: http://www.uclouvain.be/psp.html

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Catholique de Louvain (UCL) er det franskspråklege søsteruniversitetet til KU Leuven. Dei har begge begge røter attende til det gamle katolske universitetet i byen frå 1425. Då institusjonane skilde lag i 1971, blei UCL flytta frå Leuven til Louvain-la-Neuve i utkanten av Brussel. UCL har i dag om lag 28 000 studentar og eit breitt fagtilbod. I tillegg til hovudcampusen har universitetet òg mindre avdelingar i Brussel, Charleroi, Mons og Tournai.

Louvain-la-Neuve ligg nær Ottignies, om lag tre mil sørvest for Brussel, i den fransktalande delen av landet. Byen vart grunnlagd på byrjinga av 70-talet som ei direkte følgje av at universitetet blei lagt hit, og er dermed i ordets rette forstand ein studentby. Utover studentane ved universitetet har byen rundt 10 000 fastbuande innbyggarar.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus i Louvain-la-Neuve og samarbeider òg med private aktørar om å sikre eit bustadtilbod for internasjonale studentar.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Studentrapportar

2015

Haust 2014 - Integrert master i rettsvitskap

Haust 2014 - Integrert master i rettsvitskap

10.09.2014 - 16.01.2015

Undervisningsformer

Forelesningar. Forholdsvis få studentar i kvart emne, så meir dialog med professoren enn kva ein vanlegvis har under forelesningane. I nokre fag hadde me obligatorisk innlevering.

Vurdering av emnetilbodet

Heilt greit, men kunne tenkt meg større breidde av internasjonale fag.

Fagleg utbyte og språk

Veldig avhengig av professor, i nokre fag var det lett å følgja forelesningane på fransk då professoren snakka høgt og tydlege og gjentok om nødvendig. På denne måten fekk ein også fagleg utbytte av forelesningane, og var ikkje like avhengig av å få notatar frå andre studentar. Men f.eks. i eit av faga snakka professoren veldig lågt og raskt utan repetisjon, slik at det også var vanskeleg for belgiske studentar å henga med. Elles

Universitetsområdet og byen

Veldig liten (og ny) by, og sånn sett veldig avgrensa kva som fins å gjera. Men veldig livlig studentmiljø, bur tross alt omtrent berre studentar der, så mykje fest og liv i vekedagane, medan alle studentane reiser heim til foreldra i helgene. Av utestader går studentane mest på 'Cercles', som er studentdrivne utestader. Ikkje stader der du kler deg i høge helar og kjole akkurat, går mykje i jeans og hettegensar. Forholdsvis mange barar og restaurantar, der så og seie alle har eit veldig godt utvalg av øl. Er billigare enn Noreg, men generelt sett er ikkje Belgia av dei billigaste landa i Europa. Elles korte avstandar til resten av landet, og billige togbillettar, så gode moglegheiter for å utforska resten av Belgia og Europa. Ligg ca. 1 times togtur frå Brussel.

Bustad

Universitetsbustadane varierer ein del ift standard, og har generelt litt institusjonspreg. Der eg budde var det egentlig forholdsvis nytt og fint. Budde stk. samab, men hadde berre kjøkken og spisebord, så sakna ei stove eller anna form for opphaldsrom. Pris varierer, men ligg vel rundt pluss/minus 300 euro. Er forholdsvis lett å skaffa privateigde bustader, men i så fall lurt å sjå bustaden på førehand om ein har anledning (f.eks. om ein tar språkkurs før skulestart). Mogleg å få fine einebustader for rundt 600-700 euro.

Sosialt miljø

Veldig godt sosialt miljø om ein engasjerer seg i det som skjer, men kan verta litt mykje 'rølp' ift. det ein er vane med i Norge.

brukt_universite_catholique_de_louvain.jpg

Campus fra luften
Foto:
© Université Catholique de Louvain

Informasjon