Hjem

Utdanning

bilateral

Universität Bern og Det psykologiske fakultet (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByBern
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valgsemester eller i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

 

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

 

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna i 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB eller du kan velje frie studiepoeng i ditt valgsemester (5. semester). Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: http://www.psy.unibe.ch/studium/studienprogramme/index_ger.html

Studieavgift

Studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bern er eit middels stort sveitsisk breiddeuniversitet med rundt 16 000 studentar fordelt på åtte fakultet. Universitetet sin campus ligg sentralt i byen i det livlege studentkvartalet Langgasse. Universitetet er kjent for eit godt studentmiljø og har blant anna sportslag innan 90 ulike disiplinar, universitetsteater og sitt eige storband, i tillegg til ulike kurs og konkurransar gjennom året.

Bern er ein vakker kulturby som ligg nordvest i Sveits, i det administrative distriktet Bern-Mittelland. Trass i hovudstadstatusen er byen kun den fjerde største i landet, med knapt 140 000 innbyggarar. Gamlebyen ligg på ei landtunge omslutta av elva Aare på tre sider, medan dei nyare bydelane breier seg over eit bakkekledt landskap i 12 kilometers radius frå den motsette elvebreidda.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby internasjonale studentar bustad og hjelper òg med informasjon om andre moglegheiter. Det er gode sjansar for å finne bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

September - desember og februar - mai.

Informasjon