Hjem
Click

Utdanning

bilateral

Universität Bern og Institutt for sammenliknende politikk (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByBern
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for samanliknende politikk har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i eitt av undervisningsspråka.

Universitetet tilbyr språkkurs i tysk for vidarekomne. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan studere fleire emne i blant anna politikk, sosiologi og språkfag. På denne nettsida finn du ein oversikt over emna som Universitetet i Bern tilbyr.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Det varierer kor mange studiepoeng kvart emne utgjer, men normalt utgjer emna frå 3 til 6 ECTS. Du finn informasjon om dette i den enkelte emneskildringa. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bern er eit middels stort sveitsisk breiddeuniversitet med rundt 16 000 studentar fordelt på åtte fakultet. Universitetet sin campus ligg sentralt i byen i det livlege studentkvartalet Langgasse. Universitetet er kjent for eit godt studentmiljø og har blant anna sportslag innan 90 ulike disiplinar, universitetsteater og sitt eige storband, i tillegg til ulike kurs og konkurransar gjennom året.

Bern er ein vakker kulturby som ligg nordvest i Sveits, i det administrative distriktet Bern-Mittelland. Trass i hovudstadstatusen er byen kun den fjerde største i landet, med knapt 140 000 innbyggarar. Gamlebyen ligg på ei landtunge omslutta av elva Aare på tre sider, medan dei nyare bydelane breier seg over eit bakkekledt landskap i 12 kilometers radius frå den motsette elvebreidda.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby internasjonale studentar bustad og hjelper òg med informasjon om andre moglegheiter. Det er gode sjansar for å finne bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

September - desember og februar - mai.

Informasjon