Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Otto-Friedrich-Universität Bamberg og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBamberg
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på eit studieprogram ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast om det er ledige plassar. Du må ha tatt minst 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Det er mogeleg å søke for eit semester eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet passar det vanlegvis best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon og råd om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er tysk, men det finst òg eit avgrensa emnetilbod med engelsk som undervisningsspråk. Universitetet anbefaler at du har forkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i tysk eller engelsk, og forventar at du har minimum B2-nivå i eitt av språka.

Universitetet tilbyr førebuande språkkurs i tysk for internasjonale studentar. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om dette kurstilbodet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan i utgangspunktet velje fritt blant alle emna universitetet tilbyr. Til dømes tilbyr dei ei rekke emne på engelsk innan Economics and Business Administration, Political Science og Psychology. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet (NB: Kun tyskspråkleg informasjon).

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne er på mellom 5 og 10 ECTS.

Det er ein føresetnad at du vel emne som ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Otto Friedrich Universität Bamberg er eit offentleg universitetet med rundt 14 000 studentar. Fagtilbodet er størst innanfor humaniora, samfunnsvitskap, økonomi og anvendt datateknologi. I tillegg finst eit mindre institutt innan katolsk teologi. Universitetet sin bygningsmasse består primært av restaurerte historiske bygningar i gamlebyen i Bamberg, eit område som står oppført på UNESCOs verdsarvliste.

Bamberg ligg i den tyske delstaten Bayern og har om lag 75 000 innbyggarar. Byen ligg ved breidda av Regnitz, som er ein sideelv av Main. Byen strekkjer seg over sju åskammar, med ei kyrkje på kvar topp, nett som i Roma. Denne likskapen gjer at byen stundom blir kalla «Frankisk Roma».

Bustad

Universitetet har ikkje mange eigne studentbustader, men dei hjelper internasjonale studentar med å finne bustad så langt kapasiteten rekk. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private bustadmarknaden i Bamberg, så det løner seg å vere ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

brukt_otto-friedrich-universitat_bamberg_tyskland_jurgen_schabel.jpg

Flott bygning
Foto:
© Otto-Friedrich-Universität Bamberg/Jürgen Schabel

Informasjon