Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Universität Bremen og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBremen
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programma i samanliknande politikk har fortrinn på plassane. Søkarar frå europastudium og administrasjon og organisasjonsvitskap har fortrinn før andre samfunnsvitskapelege fagområde om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogleg å søke for eitt semester (berre vår/sommar) eller eit heilt år. Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester. På grunn av semesterinndelinga er det ikkje mogleg å reise for berre haustsemesteret.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. Det er anbefalt å ha språkkunnskapar som tilsvarar B2-nivå (CEFR) i tysk.

Institusjonen tilbyr tysk språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Instituttet tilbyr emne innan statsvitskap, men ein kan òg ta emne innan andre samfunnsfag på tysk og engelsk. Fagtilbodet passar spesielt godt for studentar på programma i europastudium og samanliknande politikk. Instituttet er ein del av Fachbereich 08: Sozialwissenschaften som òg husar sosiologi og geografi. På denne nettsida finn ein oversikt over engelske emne.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer frå 3 til 12 ECTS.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bremen er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 18 000 studentar og tolv fakultet. Det er blant anna kjent for å ha sin eigen studiemodell, Bremen-modellen, basert på interdisiplinær, eksplorativ læring og praktisk gruppearbeid. Universitetet har seks utmerkte satsingsområde: Hav- og klimaforsking, materialvitskap, IKT, samfunnsvitskap, helsefag og logistikk.

Hansabyen Bremen har rundt 550 000 innbyggarar og ligg nordvest i Tyskland, i delstaten med same namn. Grunna plasseringa ved elva Wesers utløp i Nordsjøen, har han alltid hatt mykje skipsfart og handel. Bremen er òg ein viktig industriby, med sterke føretak blant anna innan romfart, bil- og fly-produksjon.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader i byen og i nærleiken av universitetet sin campus. Dei fleste av bustadane er drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

brukt_universitat_bremen.jpg

Campus
Foto:
© Universität Bremen

Informasjon