Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Universität Bremen og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBremen
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på bachelorprogrammet i Europastudium har fortrinn på plassane før studentar ved samanliknande politikk og andre samfunnsvitskapelege program. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise ut.

Det er mogeleg å søke for eit semester (berre vår/sommar) eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Grunna semesterinndelinga er det ikkje mogeleg å reise på utveksling til dette universitetet berre for haustsemesteret. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon og råd om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Det er anbefalt at studentar som skal følge undervisning på tysk har forkunnskapar tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Institusjonen tilbyr tysk språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Instituttet tilbyr ein integrert grad i europastudiar, men ein kan òg velje emne innanfor andre samfunnsfag, på tysk eller engelsk. Fagtilbodet passar spesielt for studentar som går på bachelorprogramma i europastudium og samanliknande politikk. Instituttet er ein del av «Fachbereich 08: Sozialwissenschaften» som òg husar sosiologi og geografi. På denne sida finn ein oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna kan variere i omfang frå 3 til 12 ECTS.

Det er ein føresetnad at du vel emne som ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bremen er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 18 000 studentar og tolv fakultet. Det er blant anna kjent for å ha sin eigen studiemodell, Bremen-modellen, basert på interdisiplinær, eksplorativ læring og praktisk gruppearbeid. Universitetet har seks utmerkte satsingsområde: Hav- og klimaforsking, materialvitskap, IKT, samfunnsvitskap, helsefag og logistikk.

Hansabyen Bremen har rundt 550 000 innbyggarar og ligg nordvest i Tyskland, i delstaten med same namn. Grunna plasseringa ved elva Wesers utløp i Nordsjøen, har han alltid hatt mykje skipsfart og handel. Bremen er òg ein viktig industriby, med sterke føretak blant anna innan romfart, bil- og fly-produksjon.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader i byen og i nærleiken av universitetet sin campus. Dei fleste av bustadane er drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

brukt_universitat_bremen.jpg

Campus
Foto:
© Universität Bremen

Informasjon