Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Institut d'Etudes politiques de Paris-'Sciences Po' og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+ - Sciences Po Paris)

  • LandFrankrike
  • ByParis Cedex 07
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 120 studiepoeng ved utreise. Det er mogleg å søke for eitt semester eller eit heilt år. Studentar som søker for eit heilt år, blir prioriterte.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er engelsk og fransk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i eitt av undervisningsspråka. Institusjonen kan krevje dokumentasjon på språkkunnskapane dine.

Institusjonen tilbyr fransk språkkurs. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan studere både fransk- og engelskspråklege emne innan blant anna politikk, økonomi, historie, sosiologi og jus. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet. Studentar som skal vere på Sciences Po-skolane eit heilt år, har moglegheit til å ta Certificat d'Etudes Politiques (Certificate of Political Studies). Det gjeld eigne krav for dette. Det er òg mogleg å studere ved dei andre campusane som høyrer til IEP Paris.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer mellom 4 og 10 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Institut d'études politiques de Paris blei grunnlagt i 1872, og er ein offentleg eliteskule med rundt 11 000 studentar. Skulen, som vanlegvis blir kalla ved kortforma Sciences Po, er spesialisert inn mot samfunnsvitskap, politikk og internasjonale emne, og blir rekna for å vere ein av verdas fremste på desse felta. Skulen kan skilte med eit stort fagtilbod på engelsk. I tillegg til hovudcampusen i Paris, har Sciences Po seks mindre campusar i andre franske byar.

Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend for å vere ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.

Bustad

Science Po har eit bustadkontor som kan hjelpe studentar med å finne bustad, men gir ingen garanti. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av studentsamskipnaden CROUS. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai/juni.

Informasjon