Hjem
Click

Utdanning

bilateral

University of Hawaii at Hilo og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandUSA
  • ByHilo
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Berre bachelorstudentar kan søkje på denne avtalen.

Du lyt ha karaktersnitt B og ha tatt 60 studiepoeng før avreise for å kunne søke på denne avtalen.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiar ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.

Språk

Undervisninga ved UHH føregår på engelsk. Du må kunne dokumentere karakteren 4 eller høgare i engelsk frå vidaregåande skule for å bli fritatt kravet om engelsktest.

Kva emne kan eg ta

Universitetet er særleg sterkt innan naturfag, men dei tilbyr også ei rekke HF- og SV-fag. Institutt for sosialantropologi har eit nært samarbeid med University of Hawaii (UHH). Ein fullstendig oversikt over det faglege tilbodet finn du på nettstaden til universitetet: http://hilo.hawaii.edu/academics/#cas

Studieavgift

UiB disponerer ein friplass for kvar student UHH sender til UiB. Friplassen kan nyttast semesteret etter at UHH-studenten har vore på utveksling. Studentar som ikkje vert tildelt friplass kan reisa til UHH som betalande studentar. UiB kan nominere inntil fem studentar kvart studieår.

Både skulepengesatsane og det generelle prisnivåret er lågare i Hilo enn i Honolulu. Dessutan har universitetet hittil gjeve internasjonale studentar ein rabatt på 1500 USD/semester. I studieåret 2016/17 er skolepengane USD 10 080 for eitt semester. Rabatten på USD 1500 er ikkje trukket frå dette beløpet.

I uttaket med frist 1. september 2017 har vi 1 friplass for eitt semester.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Hilo campus er ein del av University of Hawai'i og vart etablert i 1947. Hilo campus har per i dag 3 300 studentar og er hovudsakleg eit universitet som underviser studentar på bachelor-nivå. Universitet er kjend for å ta seg godt av utanlandske studentar.

Hilo er ein fredeleg liten by med 45 000 innbyggjarar. Byen ligg på austkysten av øya Hawai'i ("the Big Island"), om lag 200 miles frå Honolulu. Det marine miljøet på øya, det geologiske mangfaldet og den kulturelle rikdommen vert flittig brukt som kjelder i undervisninga. Ein informativ nettstad om Hawai'i som destinasjon er og verdt å lese:http://www.gohawaii.com/

Bustad

Bustadssituasjonen er ein del betre enn i Honolulu og ein kan søke om bustad på campus før avreise. Her finn du meir informasjon om dei alternativa du har å velje mellom:http://hilo.hawaii.edu/housing/oncampus/. Alle studentar som bur på campus må kjøpe ein ¿meal plan¿, men ein kan velje om ein vil ha mange eller få måltid i veka inkludert i husleiga. Par kan ikkje bu saman på campus. Viss ein skal dele rom med nokon, kan ein ikkje velje kven dette skal vere.

Det er også mogleg å bu off-campus, og UHH kan hjelpe studentar med å finne en stad å bu off-campus. Meir informasjon om ulike alternativ finn du her: http://hilo.hawaii.edu/housing/offcampus/

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt opp to semester. Haustsemesteret varer frå august til desember, og vårsemesterer varer frå januar til mai.

brukt_uhhilo-campus_3.jpg

Grøn campus
Foto:
© University of Hawaii at Hilo

Informasjon