Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Vytautas Magnus University og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByKaunas
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast om det er ledige plassar. Søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester eller eit år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å resie ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er engelsk og litauisk. Universitetet anbefaler at har forkunnskapar tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer (CEFR) i minst eitt av undervisningsspråka.

Kva emne kan eg ta

Vytautas Magnus University tilbyr ei rekke emne innanfor blant anna internasjonal politikk, kommunikasjon, mediefag og diplomati. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet på engelsk.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne gir 4-6 ECTS.

Det er ein føresetnad at emna du tek ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Vytautas Magnus University blei grunnlagt under mellomkrigstida, i 1922, som eit alternativt nasjonalt universitet til Vilnius University, i perioden då Vilnius var annektert av Polen. Det fekk sitt noverande namn i 1930, til minne om nasjonalhelten Vytautas den Store, som stod bak Litauen sin største ekspansjon på 1400-talet. Universitetet har rundt 9000 studentar. Studentane her har relativt stor fridom til å skreddarsy utdanningsplanen sin samanlikna med kva som er vanleg ved andre universitet i Litauen. Universitetet har eit eige universitetsteater og arrangerer ein årviss jazzfestival, kor musikkakademiet sine førelesarar og studentar bidreg.

Kaunas ligg sentralt i Litauen, og er den nest største byen i landet, med om lag 360 000 innbyggarar. Han var hovudstad mellom 1922 og 1940 då Polen okkuperte Vilnius. Byen har mange parkar og grøntområde.

Bustad

Universitetet har studentbustader sentralt i Kaunas der internasjonale studentar kan søke om rom. Det er i hovudsak snakk om dobbeltrom som ein deler med ein annan student. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private leigemarknaden i Kaunas.

Semesterinndeling

August - desember og februar - juni.

brukt_vytautas_magnus_university_litauen.jpg

Bygg på campus
Foto:
© Vytautas Magnus University

Informasjon