Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Vilnius University og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByVilnius
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for samanliknande politikk har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast om det er ledige plassar. Søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for opptak i vårsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Universitetet anbefaler at du har forskunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR) i engelsk.

Kva emne kan eg ta

Universitetet i Vilnius tilbyr ei rekke emne innanfor blant anna politikk, historie og rettsvitskap. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet på engelsk.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne gir mellom 5-10 ECTS.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Vilnius University er det eldste universitetet på Baltikum, og det største universitetet i Litauen. Det var lenge det einaste universitetet i landet, og har vore viktig for bevaring av kulturelle og vitskapelege tradisjonar. I dag har det over 20 000 studentar. Om lag 800 av desse er utvekslingsstudentar. Hovudcampusen ligg i Vilnius sin gamleby. Her held administrasjonen til, samt ei kyrkje, biblioteket, eit astronomisk observatorium frå 1700-talet og fire av dei tolv fakulteta. Dei andre fire campusane er plasserte i sentrum, med unntak av ein som ligg i bydelen Antakalnis.

Vilnius er Litauen sin hovudstad, og ligg søraust i landet. Han har over ein halv million innbyggarar, og har sidan Sovjetunionens fall utvikla seg til å bli ein moderne, vestleg by. Det historiske sentrum i Vilnius står oppført på UNESCO si verdsarvliste. I byen står det òg ein statue av Frank Zappa, trass i at den provokative rockemusikaren verken stammar frå byen, eller har spela der.

Bustad

Internasjonale studentar kan søke om bustad på ein av universitetet sine tre studentheimar, som alle ligg i nærleiken av campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Vilnius.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon