Hjem

Utdanning

erasmus+

Università degli Studi di Roma 'La Sapienza' og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByRoma
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor- eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. eller 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk.

Dersom du ikkje har nok italienskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på i forkant av utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 5. eller 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved universitetet er presentert her: http://corsidilaurea.uniroma1.it/?field_codice_facolta_value=09

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

«La Sapienza» er eit autonomt offentleg universitet i Roma som blei grunnlagt i 1303. Med om lag 140 000 studentar er dette det tredje største i Europa. Universitetet har fleire campusar i og rundt Roma. Den største av desse ligg rett ved den sentrale togstasjonen og dekker over 430 000 kvadratmeter. Universitetet har elleve fakultet, og har eit særskilt breitt fagleg tilbod innan naturvitskap, ingeniørfag, biomedisin og humaniora.

I antikken var Roma hovudstad i Romerriket, den då største og mektigaste staten i verda. I dag er byen stadig det administrative og kulturelle sentrum i Italia, og eit særs populært reisemål, både for turistar og pilegrimar. Midt i byen ligg Vatikanstaten, eit autonomt område styrt av paven for den romersk-katolske kyrkja. Byen har om lag 2,7 millonar innbyggarar og ligg på vestsida av Italia, omgitt av sju høgder.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men har avtalar om bustadsutleige med private aktørar, kor utvekslingsstudentar blir prioriterte. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Roma på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon