Hjem
Studentsider
erasmus+

Philipps-Universität Marburg og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMarburg/Lahn
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Grunna ulike semester ved UiB og Philipps-Universität Marburg er det ikkje mogleg å utveksle hit i haustsemesteret med mindre du kan utveksle eit heilt studieår.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar kan reise ut i sitt 5. valsemester og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk.

Språkkrav: B1

Dersom du ikkje har nok engelsk eller tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av både vidare i studia, og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan òg reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emner. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: https://qis.verwaltung.uni-marburg.de/qisserver/rds?state=user&type=8&topitem=lectures&breadCrumbSource=&noDBAction=y&init=y

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Philipps-Universität Marburg blei grunnlagt som Tysklands aller første protestantiske universitet i 1527. Fagtilbodet er stort, og omfattar studieløp innan naturvitskap, humaniora, medisin og samfunnsvitskap. Universitetet har i dag om lag 18 000 studentar, fordelte på 21 fakultet.

Marburg er ein liten tysk by med 80 000 innbyggarar som ligg i Hessen, om lag midt i landet. Det er ein typisk universitetsby, der studentar og tilsette ved universitetet utgjer ein tredjedel av innbyggartalet og dermed set sterkt preg på byen. Her finst vakre middelalderbygg, brusteinsgater og eit rikt kulturtilbod.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper til med informasjon. Dei fleste studentbustadane i området er administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Ein av studentheimane, Collegium Phillipium, ligg på slottet i Marburg. Det er òg vanleg blant norske studentar å leige privat.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Philipps-Universität Marburg

Informasjon