Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Universität Rostock og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByRostock
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutta for samanliknande politikk og administrasjon og organisasjonsvitskap har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogleg å søke for eitt semester (oppstart vår) eller eit heilt år (oppstart haust). Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester.

Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er tysk eller engelsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i eitt av undervisningsspråka.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Avtalen er knytt til Department of Political and Administrative Sciences. Du kan studere fleire emne innan blant anna International Politics, Political Theory og Comparative Government and Politics. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Rostock er eit tradisjonsrikt universitet med meir enn 600 års historie bak seg. Det har ni ordinære fakultet, samt eit eige fakultet for tverrfaglege studieløp. Studenttalet ligg rundt 15 000. Universitetet fokuserer på forsking knytt til dei fire temaområda «Liv, lys og materie», «Maritime system», «Alderdomsforsking» og «Kunnskap - Kultur - Forandring». Campusområdet ligg nærme byen.

Rostock er ein kystby i delstaten Mecklenburg-Vorpommern, som ligg heilt lengst nord i Tyskland. Han har rundt 200 000 innbyggarar. Den mest idylliske delen av byen er kystlinja, som heiter Warnemünde. Rostock er ein gamal hansaby og venskapsby med Bergen.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Regensburg.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

brukt_university_of_rostock.jpg

Flott bygning
Foto:
© Universität Rostock

Informasjon