Hjem
Click

Utdanning

bilateral

Thammasat University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandThailand
  • ByBangkok
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er open for alle UiB-studentar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiar ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.

Språk

Undervisningsspråket ved dei ordinære studieprogramma er thai, men ved internasjonale program, somThai Studies Program, er undervisningsspråket engelsk.

Kva emne kan eg ta

For utvekslingsstudentar tilbyr Thammasat University programmet Thai Studies Program. Dette er eit eittårig program som tek sikte på å gi ei innføring i thailandsk språk, kultur, historie, politikk og økonomi. Sjølv om kurset hovudsakleg tiltrekker seg utanlandske studentar, blir det også anbefalt for lokale studentar innan ulike studieretningar. Ved å følgje Thai Studies Program får ein ei god innføring i eit land og eit system som de fleste kun kjenner som turistar. For å fullføre programmet må ein studere i to semester, men det er også mogeleg å ta eitt semester utan å fullføre heile programmet.

Studieavgift

UiB har per i dag kun betalingsplassar ved Thammasat University. Studieavgiftene i 2014 for Thai Studies Program var på 60.000 bath.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Thammasat University blei oppretta i 1933 og ligg i det historiske sentrum Tha Prachan i Bangkok. Universitetet er det nest største i Thailand, med om lag 34 000 studentar. Universitetet har eit godt omdøme, særlig innanfor samfunnsvitskapelege fagområde. Dei er elles sterke blant anna på journalistikk, økonomi og helsefag. Thammasat University er fordelt på to campusområde. Tha Prachan, den eldste campusen, ligg i hjartet av Bangkok. Alle dei humanistiske og samfunnsvitskapelege fagmiljøa held til her. Campusen Rangsit ligg i ein nordleg forstad til Bangkok. Her held realfaga, ingeniørfaga og dei medisinske studiane til.

Bangkok har eit folketal på rundt 8 millionar og vert med sin blanding av rik kulturarv og moderne skyskraparar, sett på som ein av dei mest spanande byane i regionen.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper tilreisande studentar med å finne bustad i byen.

Semesterinndeling

Dei fleste studieprogramma ved universitetet har trimesterinndeling, men nokre studieprogram har òg semesterinndeling som den vi kjenner frå Norge. Thai Studies Program er eitt av dei studieprogramma som går over to semester, frå august til desember og januar til mai.

Informasjon