Hjem
Studentsider
bilateral

Universidad de Costa Rica og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCosta Rica
  • BySan José
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar, men studentar innanfor helsefag kan ikkje vere sikre på å få opptak.

Når i studiet kan eg reise

UiB-studentar må ha gjennomført minst tre semester av BA-grad eller eitt semster av Mastergrad før utvekslinga startar.

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du studerer ved for informasjon om utveksling og når i studieprogrammet du går på det passar å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket er spansk. Studentar må legge ved dokumentasjon på spanskkunnskapar på B2-nivå når dei sender inn søknad til UCR.

Kva emne kan eg ta

Det akademiske systemet på UCR er delt inn i fem hovudområde: Artes y letras (kunstfag, språkfag, filosofi og andre humanistiske fagområde), Ciencias básicas (matematiske og naturvitskaplege fag), Ciencias sociales (samfunnsvitskapane), Salud (helsefag) og Ingeniería (ingeniørfag). Innanfor kvart av desse områda finst det eit eller fleire fakultet, som igjen er inndelt i skolar, med ansvar for undervisning, forsking og sosiale aktivitetar. Den såkalla «Escuela de Estudios Generales» har ein interdisiplinær karakter og er knytt til dei tre førstnemnde hovudområda.

Normalt vil studiebelastninga bestå av fem emne i semesteret, som til saman utgjer sirka 15 creditos. Ver merksam på at studieopplegget og førehandsgodkjenning av emna må avklarast med studierettleiaren for studieprogrammet/fakultetet ditt før du reiser ut.

Studieavgift

UiB studentar betalar ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile perioden dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Costa Rica (UCR) er i dag rekna for å være det beste universitetet i Mellom-Amerika, og har høg prestisje innan helsefag, rettsvitkskap, journalistikk, statsvitskap og fleire andre fagområde. UiB har samarbeidd med UCR i mange år og kan kvart semester sende ei gruppe studentar gjennom utvekslingsavtalen mellom dei to universiteta. Ein kan studere emne innanfor dei fleste fagområde ved dette universitetet, men som regel har UiB-studentane tatt emne innanfor språk, politikk, psykologi og odontologi.

Hovudcampus ligg sentralt i hovudstaden San José, i bydelen San Pedro de Montes de Oca. San José ligg inne i landet på ei høgslette med behageleg temperatur, med nokre av dei flottaste strendene i Mellom-Amerikas berre nokre timar unna. Costa Rica er elles eit lite og fredeleg land som har mykje å by på når det gjeld naturopplevingar.

Bustad

UCR kan hjelpe til med å finne privat innkvartering hjå ein costarikansk familie, men mange UiB-studentar vel å gå saman med andre studentar frå Bergen eller Costa Rica for å finne ein bustad på eiga hand på den private markanden. Leigeprisane kan variere, og i nokre tilfelle kan dei vere på norsk nivå.

Semesterinndeling

Vårsemesteret i Costa Rica går frå slutten av februar til slutten av juli og haustsemesteret frå medio august til medio desember.

Studentrapportar

2022

BA i spansk- og latinamerikastudium - vår 2022

BA i spansk- og latinamerikastudium - vår 2022

15.01.2022 - 15.06.2022

Førebuingar/praktiske tips

Det er masse papirer som må fikses for å få studentvisum, noen av dem FØR avreise, sørg for å fikse dette i god tid. Det er viktig å følge nøye med på instruksene fra UCR. Å ordne alt koster også en del penger. Instruksene er tydelige, men skulle du få problemer så hjelper de deg fort.

Undervisningsformer

Merk at i alle fag er sluttkarakteren et resultat av diverse prøver og innleveringer du har hatt gjennom hele semesteret. Hvordan dette deles inn er forskjellig fra fag til fag. Siden du må ta 15 créditos, som regel fem emner, kan det bli en del stress, men det gikk fint til slutt for min del.

Vurdering av emnetilbodet

Det er svært mange emner å velge i (ihvertfall der jeg var, Sede Rodrigo Facio. Vet ikke noe om de andre campusene de har). Er du nysgjerrig kan du sjekke nettsidene deres.

Fagleg utbyte og språk

Jeg lærte mye og alle lærerne og klassekameratene var hyggelige, så det var et bra miljø å lære i. Du må naturligvis kunne spansk på akademisk nivå.

Universitetsområdet og byen

San José er en by som har mye å tilby. Blant annet masse billig og god mat. Vær forsiktig om du er ute om kvelden/natten. Ran forekommer.
Selve universitetsområdet er vakkert og lett å finne frem i. Enkelte steder i byen er det noe vanskelig å være fotgjenger. Det går masse billige busser, men uber og lignende tjenester kan også brukes (teknisk sett ulovlig men du får trolig ikke problemer).

Bustad

Det er flere måter å gjøre dette på, men jeg valgte den enkle løsningen og bodde på Airbnb-leiligheter under hele oppholdet og hadde null problemer med det. Man kan finne billigere boligløsninger dersom man leter litt, eller hvis man er villig til å bo med andre.

Sosialt miljø

Folk flest er vennlige og imøtekommende, så dersom du er utadvent er det lett å skaffe seg venner. De oppretter også en chattegruppe for alle utvekslingelever der man kan planlegge sosiale hendelser.

2014

Vår 2014 - BA i spansk/latinamerikastudium

Vår 2014 - BA i spansk/latinamerikastudium

05.02.2014 - 25.07.2014

Førebuingar/praktiske tips

Det er mykje papirarbeid å fikse, kopiar å ta og stempel å få tak i på førehand.
Det er lurt å ha med seg ein kopi av passet enn kor ein går - dette er også vanleg å bruke som legitimasjon for å komme inn på utestader.

Undervisningsformer

Ein må ta mange fag (ca. 4-5) for å få nok studiepoeng, og kvart fag har mange (ca 5) små eksamenar/prøver som til saman utgjer sluttkarakteren (1-10, der 10 utgjer 100%). 15 creditos tilsvarer 30 studiepoeng.

Vurdering av emnetilbodet

Ein kan velje mellom nesten kva det skulle vere, og frå kva fakultet ein vil (fekk eg inntrykk av), så lenge det ikkje krever førehandskunnskap. Utvalet av fag er godt.

Fagleg utbyte og språk

Eg lærte veldig mykje, men meir språkleg enn fagleg.

Universitetsområdet og byen

Universitetsområdet er stort og ligg i bydelen San Pedro. Rett ved campus ligg "studentgata" La calle de Amargura. Her finst nokre få butikkar og utallige kafear, nattklubbar og restaurantar, alt hovudsakleg for studentar.

Bustad

Det blir gitt tilbod om stader å bu over ein låg sko, og til dømes på facebooksida for dei internasjonale studentane i det inneverande året postar utleigarar støtt annonser med ledige rom (t.d. i kollektiv) nær campus. Eg veit om mange som budde på hostel dei første nettene, for deretter å finne seg ein stad å bu saman med dei nye bekjentskapa i utvekslingsgruppa. Prisen per rom ligg på ca. 150-250 amerikanske dollar i månaden, meir eller mindre.
Å bu hos vertsfamilie er veldig koseleg og ein får øvd mykje på spansken, men det kostar 600 dollar i månaden som skal betalast gjennom universitetet. Universitetet tar nesten halvparten av pengane (og forsøker å skjule det), så familien får 350 av dei. Det er framleis gode pengar for familien, men ein sparer ein del på å bu i kollektiv med andre studentar sjølv om ein må kjøpe sin eigen mat. Det vil mest sannsynleg uansett verte praktisert nesten utelukkande spansk i kollektiv.

Sosialt miljø

Det sosiale miljøet er heilt fantastisk, og du blir kjend med folk frå første stund. Opphaldet mitt i Costa Rica er det mest fantastiske semesteret eg har hatt.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universidad de Costa Rica

Informasjon