Hjem
Studentsider
bilateral

Centro de Investigación y Docencia Económicas, A.C. og Institutt for politikk og forvaltning (BILATERAL)

  • LandMexico
  • ByMéxico
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen før søkarar frå andre fagområde. Søkarar må ha tatt minimum 60 studiepoeng før utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

For bahcelorstudentar vil det normalt passe best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. For masterstudentar passar det best å reise ut i andre semester. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket ved lærestaden er spansk. Det er naudsynt med gode kunnskapar i spansk for å studere ved CIDE. Forkunnskapar i spansk tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR) er anbefalt. Ein må ta en språktest ved ankomst og ein kan ta språkkurs under opphaldet.

Kva emne kan eg ta

CIDE har studietilbod innanfor «Public Administration, Economics, International Studies, Legal Studies, Political Studies, and History». På denne nettsida finn du meir informasjon og oversikt over emnetilbodet. Normalt vil 4-5 emne tilsaman utgjere 30 studiepoeng.

Du kan følgje alle emne innan ditt fagfelt ved CIDE. Det er og mogleg å søkje om å få ta emne innan andre fagfelt.

CIDE hjelper innreisande med å finne boleg gjennom sitt Accommodation Network.

Studieavgift

Studentar frå UiB er fritatt skulepengar ved CIDE. Ein skal være semesterregistrert og betale semesteravgift ved UiB for heile perioden når ein er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Centro de Investigación y Docencia Económicas (CIDE) er ein mexicansk forskings- og utdanningsinstitusjon som er spesialisert på samfunnsvitskap. CIDE ligg i Santa Fe i Mexico City og blei grunnlagd i 1974. Institusjonen er relativt liten, med i underkant av 500 studentar.

Mexico City ligg i Valle de México på omlag 2200 meters høgd. Det gjer klimaet noko mildare enn i lågare strøk. Byen er hovudstaden i landet, og ein svært stor by, med 9 millionar innbyggarar i bykjernen og 22 millionar i heile det urbane området.

Bustad

CIDE tilbyr ikkje eigne bustadar til studentar, men har noko informasjon på nettsidene sine og hjelper studentar som treng det med å finne bustad.

Semesterinndeling

August - desember og februar - juni.

Flott bygning
Foto/ill.:
Centro de Investigación y Docencia Económicas

Informasjon