Hjem
Click

Utdanning

bilateral

Bilaterale avt ink joint degree mellom Universitetet i Bergen og Universidad Iberoamericana

  • LandMexico
  • AvtaletypeBilateral

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er aktuell for studentar med studierett på Det humanistiske fakutlet, Det samfunnsvitskapelege fakultet, Det juridiske fakultet eller Det psykologiske fakultet.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om utveksling og råd om når det passar best å reise ut. Vanlegvis vil det passe best å resie ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er spansk. Studentar frå UiB må kunne spansk godt når dei søker og vil bli testa ved ankomst. Studentar utan gode spanskkunnskapar vil få tilbod om å ta eit kurs i latinamerikansk kultur (på engelsk) og spansk språk.

Kva emne kan eg ta

I prinsippet kan UiB-studentar velje blant alle emne universitetet har tilbod om, så lenge dei innfrir eventuelle krav til faglege forkunnskapar. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- og innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Dersom det er balanse i utvekslinga mellom UiB og IA betaler ikkje studentar frå UiB studieavgift. Dersom det er flest studentar frå UiB må studentane rekne med å betale 900 USD per emne (maks 7 emne i semestret).

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad Iberoamericana blei grunnlagt i 1949 og har i dag om lag 11 000 studentar innanfor humaniora, samfunnsfag, juss, psykologi, og ein del ingeniørfag. Universitetet er drive av jesuittordenen, noko som borgar for kvalitet i den katolske delen av verda. Alle ordinære studentar ved IA må delta i visse sosiale tenester (Programa de servicio social). Her kan også utvekslingsstudentar delta med for eksempel å undervise på kveldstid for folk med lite ressursar, i for eksempel språk eller IT.Utvekslingsstudentar frå UiB har moglegheit til å delta på ein to månaders sommarpraksis i lag med meksikanske studentar hjå en sosial organisasjon i Sør-Mexico etter at den ordinære undervisninga er slutt.

Mexico by er ein av dei største byane i Amerika, med 9 millionar innbyggarar og er kjernen i eitt av dei aller største urbane områda i verda (Zona Metropolitana) med over 20 millionar. Det kan fort gå vekk ein time eller to i trafikk-kork. Men byen er også kjend for aztekarruinar, kolonial arkitektur og god stemning. Det er med mange museum der ein kan utforske latinamerikansk kultur, kunst og historie m.m. Byen ligg på 2280 moh og har eit fint klima med kjølege netter.

Bustad

Alle internasjonale studentar som ber om det får formidla eit rom i ein privat meksikansk heim. IA kan også hjelpe med informasjon når det gjeld leige av leilegheit, anten aleine eller saman med meksikanske studentar.

Semesterinndeling

Juli - desember og januar - juni.

brukt_iberoamericana.jpg

Grøn campus
Foto:
© Universidad Iberoamericana

Informasjon