Hjem
Click

Utdanning

bilateral

Universidad Nacional de 'General San Martín' og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandArgentina
  • ByMalaver
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen eignar seg for studentar som går på eit studieprogram ved enten Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet eller Det matematisk-naturvitskapelege fakultet.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om utveksling og når i studiet det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er spansk og engelsk.

UNSAM krev godt dokumenterte spanskkunnskapar frå søkarar som ønsker å følge undervisning og ta eksamen på spansk medan dei er på utveksling. UNSAM har òg eit "study abroad"-program for internasjonale studentar og ein god del emner på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Denne utvekslingsavtalen er spesielt mynta på bachelorstudentar som kan ta kurs på lågare grad (Licenciatura) ved UNSAM, men kvalifiserte masterstudentar frå UiB kan òg få ta kurs på høgare grav (Posgrados). Du finn ei oversikt over emnetilbodet innanfor dei ulike fagområda ved å leite på "Oferta Academica/Carreras".

UNSAM har òg eit "Study Abroad"-program på engelsk med ei rekke emne innanfor humanioria og samfunnsvitskap.

Hausten 2016 blir følgande emner tilbode:

LATIN AMERICAN HISTORY

LATIN AMERICAN POLITICS

ANTI-IMPERIALISM IN LATIN AMERICA

20th CENTURY LATIN AMERICAN LITERATURE

LITERATURE AND CINEMA

FILM STUDIES

ENGLISH LITERATURE I

ENGLISH LITERATURE II

NORTH AMERICAN LITERATURE I

INTERNATIONAL TRADE IN LATIN AMERICA

ETHNICITY AND MULTICULTURALISM IN ARGENTINA

ANTHROPOLOGY OF MORALITIES & MORAL ANHROPOLOGY

SPANISH 1

SPANISH 2

SPANISH 3

Studieavgift

Det er ikkje studieavgifter for ordinære emner ved UNSAM. Men UNSAM har også eit "Study Abroad" program med emner på engelsk. Eit emne vil koste 700 USD. Eit semester fulltidsstudium på Study Abroad programmet vil koste mellom 3000 og 4000 USD. Det går an å kombinere ordinære emner og emner frå Study Abroad programmet.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad Nacional de San Martín (UNSAM) i Buenos Aires har om lag 14 000 studentar, og er med andre ord og ikkje altfor stort, spesielt samanlikna med storebror Universidad de Buenos Aires. Universitetet ligg i bydelen General San Martín, i eit moderne bygg konstruert innanfor strukturen til den gamle togstasjonen. Frå sentrum i Buenos Aires kjem ein seg dit med T-bane og buss. Ein kan òg ta tog til stasjonen like ved UNSAM.

Buenos Aires er ein storby i ordets rette tyding. Byen runda den første millionen innbyggarar så tidleg som i 1910 og i dag bur det om lag 12 millionar menneske i sentrumsområdet, i «area metropolitana». Byen har eit rikt kulturliv med eit utal teater, museum, bibliotek og ikkje minst fotballag. Klimaet er mildt med middeltemperatur på 25 grader om sommaren (desember-januar) og 11-12 grader om vinteren (juni-juli).

Bustad

UNSAM tilbyr ingen eigne studentbustader, men er hjelpsame med å skaffe rom hos vertsfamiliar eller andre bustader for utanlandske studentar.

Semesterinndeling

Dersom du vil ta emne på spansk er semesterinndelinga mars - juni og august - desember. STUDY ABROAD-programmet med emne på engelsk har inndeling byrjinga av februar til midten av mai. I haustsemesteret går undervisninga parallelt.

Studentrapportar

2016

Haust 2016 - Bachelor i utviklingsstudier

Haust 2016 - Bachelor i utviklingsstudier

15.08.2016 - 31.12.2016

Førebuingar/praktiske tips

Regn med at det ikke er mange andre utvekslingsstudenter der, og at de fleste vil være fra UiB.
Ikke ordne med visum før du absolutt må, da de kan sette datoen for når du må reise ut av landet igjen til en tidligere dag enn skolen faktisk slutter.
Ikke bestill noe via posten, ikke få noen til å sende deg noe i posten og ikke send noe med posten selv. Postsystemet i Argentina er utrolig dårlig.

Undervisningsformer

I klasserom, uformelt og med få elever i hvert fag. Rom for diskusjon og å stille spørsmål. Avslappet stemning.

Vurdering av emnetilbodet

Ikke stort tilbud, men utrolig interessante fag av de som er der. Hvilke fag som er tilgjengelige varierer ifølge etterspørselen.

Fagleg utbyte og språk

Veldig godt faglig utbytte, man lærer utrolig mye om Latin-Amerika og Argentina. Lærerne er veldig dyktige og hyggelige.
Veldig dårlig språktilbud, det fantes ikke Spansk nivå 2 og ikke tok de en skikkelig språktest på oss eller intervju (som var blitt lovet). Flere med litt spanskkunnskaper havnet dermed på nivå 1 og måtte gå opp til nivå 3 (etter litt mas på admin), som var egentlig hakket for vanskelig. Det som er positivt er at læreren er veldig hyggelig og forstående, jeg lærte mer enn jeg trodde jeg skulle. Dersom man kan bittelitt spansk fra før vil det derfor være nyttig å ta nivå 3 i stedet for 1, dersom nivå 2 mangler.

Universitetsområdet og byen

Stort og fint universitetsområde. God og billig kantine med vegetartilbud. Doene er ofte skitne, og ta med eget papir.

Bustad

Jeg bodde ikke så langt fra universitetet, i Villa del Parque. Stille, rolig og trygt. 10 min. busstur til universitetet, men 30-45 min. til sentrum. Var likevel ikke stress å komme seg steder da det gikk buss hele tiden og til overalt.

Sosialt miljø

Study Abroad på UNSAM hadde ingen særlige sosiale opplegg, man må spørre seg mye fram for å få informasjon om forskjellige grupper man kan være med i. Tilbudene er der, men man må helst kunne spansk. Litt dårlig informasjon fra de som jobber i administrasjonen, men som sagt så er det bare å spørre gjentagende.

Vår 2016 - BA Admorg

Vår 2016 - BA Admorg

15.01.2016 - 15.06.2016

Førebuingar/praktiske tips

Mitt beste tips er å bygge kontakter med mennesker fra hele verden, og utnytte de mulighetene som et utvekslingsopphold tilbyr. Jeg har vært på utveksling i et fremmedspråklig land, og det er derfor lurt å ha med en god ordbok og eventuelt bruke andre nyttige apper for å gjøre seg forstått. Stol på deg selv, og prøv nye ting. Lær av andres erfaringer og spør spørsmål (du treffer som regel noen som har svar).

Undervisningsformer

Undervisningsformene jeg opplevde i Buenos Aires var annerledes enn hva jeg er vandt med på UIB. Vi hadde mindre klasserom, færre studenter per fag, og hjemmelekser i enkelte fag. Professorene var også opptatt av å ha et nært forhold til sine studenter, og "distansen" mellom professor og student var mindre.

Vurdering av emnetilbodet

Emnetilbudet var litt begrenset ettersom jeg måtte ta minst fire emner, og hadde fem valgmuligheter med mitt studieprogram.

Fagleg utbyte og språk

Jeg har fått stort faglig utbytte i enkelte emner jeg tok, og har lært mye nytt. Språktilbudet til å studere fremmedspråk var helt greit, men det kunne vært bedre og med flere valgmuligheter.

Universitetsområdet og byen

Jeg bodde (bor enda) midt i sentrum av Buenos Aires. Universitetet mitt ligger rett utenfor bykjernen, og i et område det er farlig å bo i. Universitetet og universitetsområdet er fint, men bydelen rundt er ikke like fin eller trygg.

Bustad

Jeg har bodd (bor enda) i en leilighet i bydelen Recoleta i Buenos Aires. Her er det fint å bo, men jeg har ikke bodd i et rolig område. Noe som vil si at det er trafikk, mennesker og støy 24 timer i døgnet. Buenos Aires er kjent for å være en by som aldri sover!

Sosialt miljø

Det har vært et lite sosialt miljø ved Universitetet. Fagene jeg har tatt har hatt få personer per fag, og med mitt studieprogram har vi ikke blitt integrert i større grad med de andre utvekslingsstudentene som er spredd til andre studieområder. Med UNSAM er det ingen fadderuke eller noe lignende opplegg, men vi hadde en velkomstlunsj. Jeg har fått et sosialt nettverk utenom universitetet bestående av folk fra flere ulike land i Latin Amerika.

2015

Vår 2015 BAHF-SPLA

Vår 2015 BAHF-SPLA

01.01.2015 - 30.06.2015

Førebuingar/praktiske tips

Det første eg gjorde for å finne ut meir om utveksling via UiB var å reise på eit informasjonsmøte. Der fekk eg god informasjon av studentar som allereie hadde vore på utveksling. I tillegg kan ein lese på rapportar som denne for å få vite meir om dei ulike stadene. All informasjon kan ein finne på UiB sine heimesider, så her er det berre å undersøkje på eiga hand. Etter kvart som søknaden din blir godkjent får du og ein kontaktperson som kan hjelpe med informasjon og det praktiske.

Undervisningsformer

På UNSAM hadde eg nokre fag der det var lagt opp som ei forelesing, og i andre der me sat meir i ei gruppe rundt eit bord.

Universitetet brukar oftare klasserom enn auditorium, så i det eine faget mitt var det viktig å komme tidleg for å sikre seg ein plass langt framme. Viss ein sat for langt bak, kunne det vere vanskeleg å høyre kva læraren sa, i tillegg vanskeleg å sjå kva han/ho skreiv på tavla. Det vart ikkje skrive meir enn få stikkord på tavla, så ein måtte følgje godt med på kva som blei sagt.

I faga der ein sat i grupper fungerte læraren meir som ein ordstyrar/møteleiar, så då var det lagt opp til at studentane stod for snakkinga.

I kvart fag er det vanleg å ha to deleksamenar (det kan vere innleveringar eller prøvar på skulen), deretter ein munnleg eksamen til slutt. Dette varierte litt, men det var det vanlegaste opplegget. Den siste eksamenen måtte ein melde seg opp i ved å gå på eit kontor å melde seg, eller så fanst det sider på internett der ein kunne melde seg opp. Det å melde seg opp til eksamen var ein ganske forvirrande prosess. Det var berre i det eine faget eg fekk beskjed om at dette var naudsynt. Så det er om å gjere å spørje ein ekstra gang for å få vite eksakt kva ein skal gjere, for det blir ikkje alltid gitt informasjon om dette.

Det var heller ikkje i alle fag ein fekk ein oversikt med pensum og deleksamenar, så dette gjorde det litt vanskeleg å planlegge til tider.

Vurdering av emnetilbodet

Det var mange fag å velge i. Eg skulle helst ta fag som tilsvara det dei gjorde ved UiB i same tidsrom, dette gjorde det litt meir komplisert for min del. Så mitt råd vil vere å bruke dei frie studiepoenga dine på utveksling, då er det lettare å velge fritt og lage seg ein god timeplan.

Det var mange interessante fag, så det er fullt mogleg å finne noko ein kan studere som ein kanskje ikkje vil få tilbod om i Noreg. Det er ei oversikt på internett på heimesidene til UNSAM. Denne er ikkje alltid like oppdatert, så dei faga ein vel før ein reiser er det ikkje sikkert ein kan ta når ein kjem.

Fagleg utbyte og språk

Eg studerte litteratur og historie ved UNSAM. Eg likte spesielt godt litteraturen frå 1900-talet. Læraren var veldig dyktig og kunne utruleg mykje. Eg har aldri studert litteratur før, men fekk opp augene for mange nye forfattarar. Så i det faget følte eg at eg lærte mykje.

Eg tok og barnelitteratur, det var og ei ny oppleving. Pensumet var ganske interessant, men eg likte ikkje heilt opplegget. Det var veldig lite konkret kva me skulle gjennom, og me sat ofte i grupper der ein kunne ende med å spore litt av til tider. Her og var det tydeleg at læraren verkeleg kunne faget sitt. Mi oppfatning av opplegget er nok basert på at eg ikkje er van med dette frå før av. Dei andre studentane studerte litteratur på heiltid, og hadde meir å komme med. Mykje var basert på argentinsk litteratur, så det var vanskeleg å matche med deira kunnskap.

Det siste faget eg tok var historie, dette føregjekk på eit klasserom der me må ha vore rundt 70 stk tett i tett. Det blei ein del bakgrunnsstøy sidan me var så mange og dermed litt vanskeleg å høyre alt om ein sat for langt bak. Undervisninga gjekk ut på at læraren snakka og skreiv nokre få ord på tavla. Det var delt inn i ein teoretisk del og ein praktisk del. Eg tykte i praksis begge delane var ganske like, den einaste skilnaden var at læraren i den praktiske delen fortalde bakgrunnshistoria til forfattarane bak pensum.

Det var undervisning ein gong i veka i kvart fag og det bestod av 3-4 undervisingstimar.

Språkmessig føler eg at eg har auka kompetansen min ein del. I to av faga (historie og litteratur frå 1900-talet) var det som sagt forelesingar og mykje lesing på fritida, i det andre (barnelitteratur) baserte ein seg på at studentane skulle snakke. I det sistnemnde fekk eg litt problem med å bidra sidan eg ikkje hadde lese så mykje argentinsk barnelitteratur, men eg lærte mykje av å høyre på og.

Universitetsområdet og byen

Universitetsområdet ligg litt utanfor sjølve "bykjerna" i San Martín og ein er avhengig av å ta tog eller buss om ein skal komme seg dit. Eg vil anbefale å heller bu i sjølve byen både mtp. trivsel og tryggleik. Eg vil anbefale å busette seg i enten Palermo (då vil det vere ca 1 time med undergrunnsbane/buss/tog til UNSAM) eller Belgrano (ca 30-40 min frå UNSAM). Desse to bydelane er veldig fine, har gode tilbod når det kjem til kollektivtransport og dei er i tillegg veldig trygge. Eg budde i begge desse bydelane då eg var i Buenos Aires, og eg opplevde aldri noko skummelt.

Bustad

Det er nokså enkelt å finne seg ein plass å bu i Buenos Aires. Eit tips er å bruke Airbnb, der kan ein skrive eksakt kor lenge ein vil vere, i tillegg redigere søket sitt med tanke på pris og bydel. Eg budde i ein leiligheit saman med ei norsk venninne. Språkleg er det nok lurast å bu saman med spansktalande. Mange av dei andre internasjonale eg snakka med byrja først med å bu på hostel for deretter å finne seg bustader etter kvart som dei blei kjende med andre i byen. Det er nok uendeleg med sider ein kan finne bustader som er møblerte og til leige.

Sosialt miljø

Med ein gong ein kjem til UNSAM får ein tilbod om å møte dei andre internasjonale studentane ved universitetet. Dette var eit veldig bra initiativ, for då kan ein møte andre som kanskje leiter etter plass å bu, få nokre kjenningar i ein ny by, og rett og slett få seg eit nettverk. Dei andre studentane i mi gruppe var frå andre land i Latin Amerika og Europa. Me arrangerte grillfestar, barkveldar og ein tur til Iguazu saman.

Sidan byen er så stor så er det litt vanskeleg å vere sosial til einkvar tid/på impuls. Ein må planlegge ein del meir enn når ein bur i t.d. Bergen.

Alt i alt er det kva du gjer det til sjølv, og ein får i alle fall prøvd seg utanfor komfortsona si både på godt og vondt.

brukt_unsam_argentina.jpg

Campus
Foto:
© Universidad Nacional de 'General San Martín'

Informasjon