Hjem
Click

Utdanning

bilateral

Universidad de Chile og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandChile
  • BySantiago
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar. Universidad de Chile krev at utvekslingsstudentar kan vise til minimum to års studiar, altså 120 studiepoeng, ved universitet/høgskule for å få opptak.

Utvekslingsavtalen med UC er ikkje fagavgrensa.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du studerer ved for informasjon om når det passar å reise ut på ditt studieprogram.

Språk

PUC krev at utvekslingsstudentar har dokumentert gode spanskkunnskapar når dei søker om opptak.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Avtalen opnar i utganspunktet for at UiB-studentar kan velje emne frå alle fagområde unntatt medisin og odontologi. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB kan sende inntil to studentar i året med fritak for studieavgifter. Talet på friplassar vil vere avhengig av kor mange studentar UC sender til UiB.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Chile (UC) er det eldste og største universitetet i Chile, med sine om lag 40 000 studentar. Det ligg i hovudstaden Santiago og har alle dei klassiske fagmiljøa og i tillegg ei rekke forskingssenter knytt til dei ulike fakulteta, spesielt innan naturvitskaplege fag. Universitetet er offentleg og har den største porteføljen av prosjekt finansiert gjennom det chilenske forskingsrådet.

Santiago er ein by som både er roleg, rein og ganske oversiktleg trass i sine fem millionar innbyggjarar. Klimaet varierer mykje avhengig av årstida.

Bustad

UC disponerer ikkje eigne studentbustader, men universitetet har ein kontaktdatabase mot familiar og private studentheimar som dei kan formidle til utanlandske studentar.

Semesterinndeling

1. semester: Første veka i mars til midten av juli

2. semester: Første veka i august til midten av desember

brukt_universidad_de_chile.jpg

Flott bygning
Foto:
© Universidad de Chile

Informasjon