Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

University of Maribor og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+ - Information Science)

  • LandSlovenia
  • ByMaribor
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på informasjonsvitskap (bachelor og master), IKT, nye medier og kognitiv vitskap har prioritet. Deretter studentar ved Institutt for informatikk. Andre studentar kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

3.-6. semester på bachelor. Vi tilrår at du drar i 5. og/eller 6. semester. Nye medier må reise i 5. semester.

Dersom du drar ut når du går på master, må du reise om hausten.

Språk

Undervisningsspråk er slovensk og engelsk.

Kva emne kan eg ta

Her kan ein finne emne:

http://www.um.si/en/Pages/default.aspx

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Maribor er det nest største universitetet i Slovenia, med rundt 27 000 studentar fordelte på 17 fakultet, i tillegg til eit eige datasenter og eit sportssenter. I tillegg til fleire campusar i Maribor, har universitetet òg avdelingar utanbys, i Ljubljana, Kranji, Krsko, Celje og Brezice.

Maribor er den nest største byen i Slovenia, med om lag 100 000 innbyggarar. Han ligg nord i landet, ved foten til Alpane og ved elva Drava. Byen er kjend blant anna for skisport, og ein stor del av innbyggarane har austerriksk avstamming. Ein av byen sine meir kuriøse attraksjonar er den 440 år gamle Zametovka, verdas eldste stadig produktive vinranke.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i Maribor og dei fleste ligg i sentrum eller nære universitetet. Kapasiteten kan vere knapp, men Erasmus-studentar har prioritet som søkarar. Søknaden kan sendast så snart ein har fått opptak.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juli.

brukt_university_of_maribor.jpg

Campus fra luften
Foto:
© University of Maribor

Informasjon