Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Collegium Civitas, Warsaw og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWarszawa
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogleg å søke for eitt semester (oppstart vår) eller eit heilt år (oppstart haust). Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester.

Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er engelsk eller polsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i eitt av undervisningsspråka.

Institusjonen tilbyr også språkkurs i polsk. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan studere fleire emne innan blant anna politikk, sosiologi, internasjonale relasjonar og journalistikk/media. Det er 60 engelskspråklege kurs å velje mellom. På denne nettsida finn du emnekatalogen for engelskspråklege kurs.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer mellom 2 og 4 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Collegium Civitas er eit privat universitet i Warszawa som blei grunnlagt i 1997. Det ligg i Kultur- og vitskapspalasset i Warszawa sentrum, som med sine 237 meter er det høgaste byggverket i Polen. Universitetet har om lag 2000 studentar og tilbyr studium i statsvitskap og sosiologi. Det legg vekt på å ha små klasser, og at dei akademisk tilsette skal vere tilgjengelege for studentane.

Warszawa er hovudstad i Polen og landets største by, med i underkant av to millionar innbyggarar. Av desse er 300 000 studentar. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har han blitt hardt råka av mange krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Men ettersom han alltid har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.

Bustad

Universitetet har nybygde studentbustader sentralt i Warszawa, kor ein kan søke om plass. Ein kan òg finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Informasjon