Hjem

Utdanning

erasmus+

University of Lower Silesia og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWroclaw
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor- eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut sitt i 5. eller 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråk er engelsk og polsk.

Språkkrav: B2 (engelsk)

Dersom du ikkje har nok spåkkunnskapar i undervisningsspråket, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare og høgare grad (bachelor og master) avhengig av tilbod og krav om forkunnskap.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 5. eller 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Lower Silesia (ULS) er eit ungt, privat universitet med 8000 studentar, som ligg i den polske byen Wroclaw ULS. Det er inndelt i tre fakultet, og tilbyr studium innan utdanningsvitskap, samfunnsvitskap, medievitskap og tekniske fag. Universitetet har òg ei avdeling i byen Klodzko.

Wroclaw er den fjerde største byen i Polen med rundt 600 000 innbyggarar, og ligg sørvest i landet, i Schlesien. Om lag kvar sjette innbyggar er student. Han blei nesten utsletta under andre verdskrigen, men er no bygd opp att. Dei fleste bygningane er i barokk eller gotisk stil, men byen har òg modernistiske bygg, for eksempel Hundreårshallen, som er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Byen har fleire øyer og meir enn to hundre bruer.

Bustad

Universitetet har ikkje eigne studentbustader, men hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad på hostell i Wroclaw. Universitetet formidlar òg kontakt med utleigefirma til dei som ønsker å bu i leilegheit.

Semesterinndeling

September - februar og februar - oktober.

university_of_lower_silesia_polen.jpg

Flott bygning
Foto:
© University of Lower Silesia

Informasjon