Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

University of Plymouth og Sosiologisk institutt (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByPlymouth, Devon
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på programma i administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk og sosiologi har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen før andre samfunnsvitskapelege fagområde. Det er krav om at ein må ha tatt minimum 60 studiepoeng før utreise.

Plymouth sitt studieår er organisert i trimester. Det er derfor mogeleg å søke for haust, vår og sommar, eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket ved lærestaden er engelsk.

Det er anbefalt at ein har engelskkunnskapar tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR). Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Avtalen med School of Law, Criminology and Government omfattar fagområda «Politics», «International Relations», «Sociology», «Criminology», «Law», «Public Services» og passar for studentar i administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk og sosiologi. På denne nettsida finn ein informasjon om emnetilbodet ved universitetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS ( som svarer til 120 credits) per år. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Plymouth University er eit offentleg universitet i Sørvest-England med over 28 000 studentar. Det fekk universitetsstatus i 1992, men har røter tilbake til ein polyteknisk skule frå 1862. Hovudcampusen ligg i Plymouth, og universitetet har fleire campusar og samarbeidsskular over heile sørvest-England, blant anna i Bristol og Cornwall.

Plymouth er ein by i Devon som har om lag 250 000 innbyggarar. Han ligg ved elvene Plym og Tamar sine munningar, og er ein historisk viktig hamneby med mange marine og maritime bedrifter. Byen er òg kjend for Plymouth Gin Destillery, som har produsert gin sidan 1793.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader i kort avstand frå universitetet.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - mai.

Studentrapportar

2017

VÅR 2017 - BASV-MEVI

VÅR 2017 - BASV-MEVI

15.01.2017 - 15.06.2017

Førebuingar/praktiske tips

Registrer tidlig hos accommodation for å øke sjansen for å få den buplassen du vil ha, sjølv valte eg rom med eige bad der berre kjøkkenet blir delt med andre studenter i leiligheten. Det fungerte kjempe bra.

Lurt å vere obs på at faga eller modulane ein ønskjer å ta kan bli endra på etter ein kjem ned dit, men det var god hjelp å få ordne opp i slik at faga ikkje kolliderte med kvarandre, og ein fekk ta fag som kunne bli integrert i graden ved UiB.

Ein får mykje hjelp i det praktiske i startveka når ein kjem dit.

Undervisningsformer

Stortsett vanlige forelesninger, med nokre seminar med meir praktiske øvingar og rom for diskusjon med andre. Mykje fungerte likt som på UiB.

Vurdering av emnetilbodet

Kunne velje i ein god del fag frå tre ulike institutt, men fekk ikkje vite kva fag som kolliderte før ein kom dit og starta, men ein fekk mykje hjelp til å finne fag å setje saman slik at det blei ingen problem.

Fagleg utbyte og språk

Masse tilbod for diverse kurs og workshops i engelsk i akademisk former, blant anna fag for internasjonale studentar i engelsk som gav studiepoeng. Tok sjølv eit par fag innan kriminologi som var veldig spennande, med både teoretiske og praktiske modular å velje i.

Universitetsområdet og byen

Sentrumet i Plymouth er ganske lite, og universitetet ligg midt i sentrum. Dette var ganske supert, at ein kunne gå overalt der ein skulle til, enten det var studentboligar, fakultet, butikker, togstasjon mm. Sjarmerande liten by ved kysten heilt sør, med lite regn men med mykje vind. Universitetet er stort, så det er mykje studentar i byen. Toget til London tar berre litt meir enn tre timar, men kan vere dyrt om ein ikkje bestiller billett ei stund på førhand eller kjøper gruppereiser.

Bustad

Budde like ved universitetet i sentrum, i eit område med fleire blokker med diverse studentboliger. Siden det er mykje studenter der så kan det vere ein del støy, men sjølve leilighetene var i god standar med også eigen resepsjon. Ein har diverse standar på leilighetene, som vil variere i pris, men dei aller fleste var ganske bra. Valte sjølv rom en suite i komplekset som blir kalla for Pilgrim, for å unngå å måtte dele bad med mange andre. Kjøkkenet delte eg med fem andre, og det var eit stort kjøkken med god skapplass og eit par kjøleskap, og fellesareal blei vaska ein gong i veka av vaskepersonell.

Sosialt miljø

Er ikkje nødvendigvis kjempe lett å bli godt kjend med studentane der frå England, sett bort frå dei ein bur med, men det er mykje opplegg for internasjonale studentar og ei startveke der ein blir kjend med andre som er der på utveksling. Det fungerte bra for å bygge sosialt nettverk med andre under oppholdet.

Informasjon