Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Technische Universität Clausthal og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByClausthal-Zellerfeld
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på informasjonsvitskap (bachelor og master), IKT, nye medier og kognitiv vitskap har prioritet. Deretter studentar ved Institutt for informatikk. Andre studentar kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

3.-6. semester på bachelor. Vi tilrår at du drar i 5. og/eller 6. semester. Nye medier må reise i 5. semester.

Dersom du drar ut når du går på master, må du reise om hausten.

Språk

Undervisningsspråk er tysk og engelsk.

Kva emne kan eg ta

Du kan ta frie studiepoeng eller emne som er så like at dei kan gi fritak for
obligatoriske emne ved studieprogrammet ditt ved UiB.
Dersom du tar frie studiepoeng, må dei ikkje overlappe med emne du har tatt
eller planlegg å ta ved UiB.

Dersom du drar ut på master, må du ta mastergradsemne.

http://www.tu-clausthal.de/Welcome.php.en

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Technische Universität Clausthal er eit lite teknisk universitetet med om lag 4800 studentar. Det blei grunnlagt i 1775 for å utdanne arbeidskraft til gruvedrift, men har seinare spesialisert seg meir inn mot fornybar energi, naturressursar, materialvitskap, økonomi, datateknologi, mekaniske fag og prosessfag. Universitetet sin campus ligg sentralt i Clausthal-Zellerfeld.

Clausthal-Zellerfeld er ein liten by, med knapt 15 000 innbyggarar. Han ligg idyllisk til midt i Tyskland, omgitt av skog og fjell i distriktet Gosler. byen er sterkt prega av aktivitetar knytt til universitetet. Dette er ein glimrande stad å bu for den som likar vintersport og friluftsliv.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus der internasjonale studentar har prioritet som søkarar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Clausthal-Zellerfeld.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon