Hjem

Utdanning

erasmus+

SRH Hochschule Heidelberg og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. eller 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningspråket er tysk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi og rehabiliteringsterapi på lågare og høgare grad (BA/MA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 5. eller 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med programkoordiantor eller internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved School of Applied Psychology er presentert her: https://www.hochschule-heidelberg.de/de/studium/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

SRH Hochschule Heidelberg er ein liten privat høgskule med rundt 3000 studentar som blei grunnlagd i 1969. Dei fleste studieløpa er svært praksisorienterte, og det er lagt opp til forelesingar i små grupper med mykje kontakt mellom undervisarar og studentar. Skulen ligg like utanfor byen. Det tek omtrent 10 minutt å kome seg dit med trikk eller buss frå sentrum.

Heidelberg er ein idyllisk, liten universitetsby i Baden-Württemberg, sørvest i Tyskland, med om lag 150 000 innbyggarar. Her finst både eit stort slott og koselege gater med gamle mursteinshus tett i tett. Klimaet her er varmt samanlikna med andre delar av Tyskland. Byen har òg eit rikt kulturtilbod og arrangerer blant anna jazzfestival, filmfestival og eit eige vampyrball (ein del av karnevalfeiringa) kvart år.

Bustad

Høgskulen samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad til internasjonale studentar i Heidelberg så langt kapasiteten rekk. Det kan vere vanskeleg å finne ledige rom på den private marknaden, så universitetet oppmodar nye studentar til å vere ute i god tid.

Semesterinndeling

Semesterinndelinga varierer frå fag til fag. Somme har semester med inndeling i periodane oktober - mars og april - august, andre har trimester, med inndeling i periodane oktober - januar, februar - mai og juni - september.

brukt_srh_university_heidelberg.jpg

Flott bygning
Foto:
© SRH Hochschule Heidelberg

Informasjon