Hjem
Click

Utdanning

nordplus

University of Turku og Institutt for sammenliknende politikk (NORDPLUS - Nettverk i Statsvitenskap)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsteori og Institutt for samanliknande politikk kan søke. Søkar må ha tatt 120 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Utreise i siste studieår på bachelor eller andre semester av mastergraden. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Det vil vere eit avgrensa emnetilbod på engelsk - sjå heimesidene til universitetet.

Kva emne kan eg ta

I utgangspunktet skal ein studere statsvitskap ved ein av lærestadane i Norden, men det kan og vere mogleg å ta andre emne under opphaldet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år.

Studieavgift

Ein betalar ikkje studieavgift i nettverket. Alle studentar får eit månadleg stipend avhengig av nettverkets tilgjengelege midlar og talet på søkarar. Maksimalt er dette 200 euro per månad. Ein skal vere semesterregistrert og betale semesteravgift ved UiB når ein er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Turku Finlands nest største med om lag 20 000 studentar. Det ligg i byen Turku, kalla Åbo på svensk, ute ved kysten sørvest i Finland. Det har òg mindre campusar i byane Raumo, Björneborg og Salo. Universitetet blei oppretta i 1920, då finske intellektuelle ønskte seg eit reint finskspråkleg universitet. Over 22 000 personar bidrog til innsamlingsarbeidet som gjorde det mogleg å starte opp landets første finske universitet. Universitetet har eit breitt fagtilbod og har elles blant anna vore involvert i mange forskingsprosjekt i peruansk Amazonas.

Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock. Salo er ein kystby med 55 000 innbyggarar som ligg mellom Åbo og Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må ordne med dette sjølve. Det er imidlertid gode sjansar for å få tildelt bustad gjennom The Student Village Foundation (TYS) dersom ein søker i god tid.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Informasjon