Hjem
Studentsider
nordplus

Åbo Akademi University og Det psykologiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i psykologi)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er finsk eller engelsk, sjå heimesidene for meir informasjon.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan òg reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emne. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Studieavgift

Nordplusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Semesterinndeling

Åbo Akademi University vart oppretta for hundre år sidan, og er det einaste universitetet med svensk som hovudspråk i Finland. Her finn ein eit breidt utdanningstilbod. Til saman er det 5 500 studentar i dei to campusbyene Turku (kalla Åbo på svensk) og Vaasa. Med ein internasjonal atmosfære og gamle studenttradisjonar, kan du få praktisert både finsk og svensk under opphaldet.

Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagt på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Med om lag 35 000 studentar, blir Åbo sett på som den beste studentbyen i landet. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock.

Informasjon