Hjem

Utdanning

nordplus

University of Eastern Finland og Det psykologiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i psykologi)

  • LandFinland
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. eller 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er finsk eller engelsk, sjå heimesidene for meir informasjon.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 5. eller 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Eastern Finland blei til gjennom ei samanslåing av to tidlegre uavhengige universitet i 2010, og er no eit breiddeuniversitet med 15 000 studentar og fire fakultet. Blant fokusområda er skogforsking, miljø, helse og utvikling av ny teknologi. Universitetet er fordelt over to hovudcampusar i byane Joensuu og Kuopio aust i Finland, samt ein mindre campus i Savonlinna.

I Joensuu ligg European Forest Institute og fleire eksportbedrifter. Byen er regionhovudstad, og var på slutten av 1800-talet ein av dei største hamnebyane i Finland. Kuopio er den åttande største byen i Finland, og er rekna som Aust-Finlands kulturelle sentrum. Han er omgitt av ein innsjø, og delar av byen er bygd på øyer. Byen har eit unikt gatenettverk, kor annakvar gate er ein fotgjengar- og sykkelveg.

Bustad

Universitetet ikkje eigne bustader, men samarbeider med uavhengige organisasjonar som driv med formidling av studentbustader både i Joensuu, Kuopio og Savonlinna. Søknad om bustad kan sendast så snart ein har fått opptak ved universitetet. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat i desse byane.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon