Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Aegean University og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyrkia
  • ByIzmir
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast dersom det er ledige plassar. Det er krav om at du må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester (berre vårsemesteret) eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester av bachelorprogrammet.For masterstudentar passar det vanlegvis best å reise ut i andre semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tyrkisk og engelsk. Universitetet anbefaler at du har forkunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Kva emne kan eg ta

Du kan velje blant eit breitt spekter samfunnsvitskapelege emne og emne i tyrkisk språk. På denne nettsida finn du praktisk informasjon og oversikt over emnetilbodet ved universitetet. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer 2-5 ECTS.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Ege University blei grunnlagt i byen Izmir i 1955, og er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 51 000 studentar. I tillegg til 25 fakultet og institutt på universitetsnivå, har institusjonen òg ni avdelingar på vidaregåande nivå. Universitetet sin hovudcampus i Bornova dekker heile 3700 hektar og har eit fullverdig internt samfunn med butikkar, bustadområde, parkar og sosialtenester.

Izmir har om lag tre millionar innbyggarar og ligg midt på Tyrkias solrike vestkyst, i Anatolia. Byen heitte tidlegare Smyrna, og var grunnlagd som ein gresk koloni i år 1100 fvt. Byen har ei mangslungen historie prega av skiftande politiske forhold, krig, jordskjelv og blomstringstider. Byen er eit viktig handelssentrum for området, og eksporterer blant anna tobakk, fiken, rosiner og bomull.

Bustad

Universitetet har ein eigen studentby på campusområdet i Bornova der internasjonale studentar kan søke om bustad.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon