Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Technische Universität Chemnitz og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByChemnitz
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programmet i europastudium har fortrinn på plassane før samanliknande politikk og andre samfunnsvitskapelege fagområde.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogleg å søke for eitt semester (oppstart vår) eller eit heilt år (oppstart haust). Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester.

Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i engelsk eller B2-nivå i tysk.

Universitetet tilbyr kurs i tysk. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Chemnitz har eit særleg godt emnetilbod innan europastudium, for eksempel europeisk integrasjon, historie og politikk. Du kan òg studere fleire andre statsvitskapelege emne. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Technische Universität Chemnitz (TUC) har åtte fakultet og om lag 11 500 studentar. Fagtilbodet er mest omfattande innan tekniske, matematiske og naturvitskapelege fag, og universitetet satsar særskilt på forskingsområda «energieffektive produksjonsprosessar», «intelligente system og material» og «menneskefaktoren i teknikk». TUC har fire campusar som alle ligg i Chemnitz.

Chemnitz er ein by i den tyske delstaten Sachsen, ikkje langt frå grensa mot Tsjekkia i aust. Han har om lag 250 000 innbyggarar, og var lenge ein viktig industriby i regionen. I 1953 blei byen døypt om til Karl-Marx-Stadt, men dette blei omgjort igjen i 1990.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus der internasjonale studentar har prioritet som søkarar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Chemnitz

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

brukt_technische_universitat_chemnitz_tyskland.jpg

Flott bygning
Foto:
© Technische Universität Chemnitz

Informasjon