Hjem

Forskargruppe i mellomalderfilologi: Odd Einar Haugen

Hovedinnhold

Den såkalla Første grammatiske avhandling vart forfatta på Island på midten av 1100-talet og drøftar i detalj korleis den islandske ortografien bør vere. Til grunn for denne drøftinga ligg ein heilt moderne fonologisk analyse, der forfattaren systematisk brukar minimale par i oppbygginga av teikninventaret. Avhandlinga er overlevert i eit einaste handskrift, AM 242 fol, frå midten av 1300-talet. I dette handskriftet har teksten ein annan ortografi enn han ville ha hatt på 1100-talet, og han er skriven i gotisk, ikkje karolingisk stil. I dette uhøgtidelege foredraget vil eg prøve å svare på to umoglege spørsmål: korleis såg skrifta i originalen ut, og korleis ville teksten ha vore dersom forfattaren hadde brukt sin eigen ortografi?