Konsertframsyning: Rammer og rom
Det blir toradarspel, hardingfele og folkedans når KMD-stipendiat Anette Thorsheim presenterer sine resultat frå ph.d.-prosjektet i kunstnarleg utviklingsarbeid om spelereglar og spelerom i tradisjonsmusikken. Konserten er ein del av UiB si markering av at Universitetsmuseet fyller 200 år.

Hovedinnhold
Konsertframsyninga er ein presentasjon av resultat frå ph.d.-prosjektet i kunstnarleg utviklingsarbeid R a m m e r o g r o m – om «spelereglar og spelerom» i tradisjonsmusikken. Utvikling av toradarspel med utgangspunkt i overføring av låtspel frå hardingfele/fele. Prosjektet er gjennomført ved Institutt for musikk, Griegakademiet, Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.
Stipendiat Anette Thorsheim spelar solo og duo saman med Jeanette Evansson, hardingfele og fele, med Jonas Åkerlund, fele, og med dansarane Ami og Håkon Dregelid.
Arrangementet er gratis og åpent for alle interesserte.
Om bidragsytarane
Anette Thorsheim er folkemusikar på toradar, som er eit lite trekkspel. I dette prosjektet har ho saman med medmusikantane sine fokusert på musikktradisjon på Vestlandet og i grensetraktene i Hedmark.
Jeanette Evansson er musikar (fele og hardingfele) og pedagog från Östhammar i Sverige. Ho og Anette møtte kvarandre på musikkhøgskulen i Stockholm på slutten av 1990-talet og har sidan dess spelt og delt låtar frå speletradisjonane sine både i øst og vest.
Jonas Åkerlund er felespelar og mangeinstrumentalist. Jonas har djup forankring i musikken frå Västra Dalarna, men har også studert andre musikktradisjonar, ikkje minst dei frå dei nærliggande områda i Sverige og Noreg. Jonas har levd som musikar dei siste tiåra, og spelar ofte som solist og i mange ulike ensemble. Jonas og Anette har dei siste åra fokusert på innspelingar etter felespelarar i grensetraktene i Hedmark.
Ami og Håkon Dregelid dansar vossatradisjon og er særs fine og viktige tradisjonsbærarar. Håkon har undervist på Ole Bull Akademiet i ei årrekke. Ami Dregelid underviser også i dans ved Dansehøgskulen og Musikkhøgskulen i Stockholm, Eric Sahlströmsinstitutet i Tobo m.m. Ho har også vore rettleiar for prosjektet.