Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Nyhende|Publikasjon

Børhaug og Borgund med kapittelbidrag

Kjetil Børhaug har bidratt med fire kapittel i boka "Barnehagen som læringsarena. Mellom styring og ledelse". Eit av dei er skrive i samarbeid med Solveig Borgund. Prosjektet er støtta av NFR.

Illustrasjonsfoto
Foto/ill.:
Universitetsforlaget

Hovedinnhold

Norsk utdanningspolitikk har dei seinare år lagt større vekt på at barnehagen skal vera fyrste ledd i utdanningsforløpet for alle norske barn. I eit NFR-støtta prosjekt, der Kjetil Børhaug har delteke frå instituttet, har ein studert korleis denne læringspolitikken vert forma av styrings- og leiingsprosessar på ulike styringsnivå. I boka «Barnehage som læringsarena. Mellom styring og ledelse» har Kjetil Børhaug bidratt med fire kapittel, eitt av dei i samarbeid med Solveig Borgund. Det vert peikt på at det nasjonale styringsnivået er i rask utvikling og integrerer barnehagefeltet i Utdanningsdiretoratet. Kommunale og private eigarar utviklar større styringskapasitet over sine barnehagar. Dette påverkar barnehagepolitikken i mange ulike retningar både når det gjeld det pedagogiske innhaldet og rammene for fagleg leiing på grunnplanet. Styringa på det mellomnivået eigarane representerer framstår som sprikande, med svært ulike prioriteringar.