Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Elin Osnes Strand

Elin Osnes Strand har en mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitenskap. Til dagen jobber hun som rådgiver for fylkesmannen i Hordaland

Kan du fortelle litt om arbeidet ditt? Hva er de konkrete arbeidsoppgavene dine?
Jobben min er veldig variert og eg har svært mange ulike oppgåver. Størstedelen av oppgåvene mine er klassiske arbeidsoppgåver som høyrer til innanfor feltet HR/Personal. Døme på slike oppgåver er å behandle søknadar frå tilsette om pemisjon, lyse ut stillingar, skrive arbeidskontraktar og liknande. Ein like stor del av jobben handlar om å bidra til god internkommunikasjon på intranettet vårt, publisere saker på nettsida vår og vidareutvikle rutinar for personalpolitikk og rekruttering. Eg er også kontakt for arbeidsmiiljøutvalget og for HMS-arbeidet. I tillegg til arbeidet på HR/personal har eg bidrege med saksbehandling på verjemålsseksjonen.

Hva er det beste med jobben din - og det mest utfordrende?
Det beste med jobben min er at den er veldig variert, og at eg i stor grad har fått lov til å bidra meir på dei felta eg syns er spennande. Leiarane mine har vist meg stor tillit og har latt meg ta ansvar frå første dag. Det eg syns har vore mest utfordrande, men og mest lærerikt, er å vere ny og navigere på ein arbeidsplass på fulltid, for første gong. Det er veldig mykje å lære når ein startar i ny jobb, samtidig som ein skal finne ut av korleis ting blir gjort i akkurat denne organisasjonen. Det er mange trådar å halde fast på, noko som både gjer jobben veldig givande og somme gonger litt utfordrande. Dette trur eg nok at mange kjenner på i den første jobben.

Hvordan får du bruk for utdannelsen din i jobben?
Det er ofte slik at ein kanskje ikkje brukar dei konkrete temaa frå utdanninga si så veldig ofte. Slik er det som regel for meg og. Til dagleg er det i langt større grad arbeidsmetodane og systematikken eg lærte meg som student, som er nyttig. Eg skriv vedtak og publiserer saker på nett, og får dermed nytta skriveeigenskapane mine mykje. Eg kjenner og igjen dei metodiske eigenskapane mine, i det eg skriv rapportar og gjer research til møte eg skal delta på eller saker eg skal bidra til. Likevel, sidan eg jobbar i offentlig sektor og på ein arbeidsplass som denne, dukkar det stadig opp situasjonar der eg er takknemleg for at eg kan ein del om norsk politikk og forvaltning. Eg får sjå korleis fleirnivåstyring- og bakkebyråkrati-teoriane fungerer i praksis, sjølv om eg ikkje alltid identifiserer dei i den enkelte situasjonen. I år er det særleg spennande å arbeide hos fylkesmannen med tanke på omorganiseringane både vi og fleire av dei statlege organa står overfor.

Hva var det som gjorde at du valgte admorg ved UiB?
Eg tok først ein bachelor i Samanliknande politikk, og hadde førsteåret mitt frå statsvitskap ved NTNU. Ved å tilføre Adm.org på masternivået følte eg at eg tilegna meg eit ekstra nivå av konkret kunnskap som kunne gi meg tyngda eg trengte for å få jobben eg vil ha. Adm.org gir relevant og god kunnskap som kan nyttast på alle nivå i offentleg forvaltning. Det ser eg i endå større grad no når eg har kome ut i arbeid. I tillegg gav masterprogrammet meg fridom til å velje det temaet for masteroppgåva som eg heile tida hadde hatt lyst til.

Hva tenker du på som det beste ved studietiden ved UiB?
Dei to åra i klassa på masterprogrammet var veldig sosiale og fine. Vi delte lunsjpauser med kvarandre kvar dag, hadde faste plassar på ein felles lesesal, og hadde kvar vårt, men likevel eit felles mål. I tillegg så er det noko magisk med måten ein tilhøyrer eit akademisk miljø på den måten som når ein er student. Ein har moglegheita, overskotet og tørsten etter å lære så mykje som mogleg. Ein har og utruleg mange dyktige folk rundt seg i både medstudentar og tilsette. I tillegg er det sjølvsagt eit befriande enkelt og morsomt liv.