Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Førstekonsulent, Det psykologiske fakultet UiB

Anna Laupsa Helvik fullførte sin mastergrad i 2017, og jobber nå som førstekonsulent i studieseksjonen på det psykologiske fakultet ved UiB.

Den stillinga eg har no krev at eg har organisasjonsforståing og ser korleis strukturane i organisasjonen er. Her får eg verkeleg brukt faget mitt i praksis.

Kan du fortelle litt om arbeidet ditt? Hva er de konkrete arbeidsoppgavene dine?

Eg er involvert i mange prosessar og arbeidsoppgåver i studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet. Hovudarbeidsoppgåva mi er alt det praktiske rundt gjennomføringa av eksamen på fakultetet. Her er eg med i heile prosessen frå planlegginga av eksamensplan for kvart nytt semester, informasjon til dei emneansvarlege om eksamensdatoar og fristar for oppgåver og sensorrettleiingar til kvar eksamen. Eg jobbar og med innhenting av eksterne og interne sensorartil eksamen og oppnemning av nye eksterne sensorar når dette trengs. Deretter følgjer eg heile eksamensforløpet frå opprettinga av oppgåvesetta til den siste studenten har fått svar på sin klage på sensurvedtak.

I tillegg til dette er eg med i superbrukargruppa rundt timeplanlegging og eksamensplanlegging, hovudansvarleg for tilrettelegging for studentar i studiesituasjonen deira, eg sit i infosenteret ved fakultetet ein dag i veka og er ansvarleg for enkelte store arrangement ved fakultetet, mellom anna Åpen dag som vert arrangert kvart år for elevar ved vidaregåande skular i Hordaland som har lyst å komma innom for å få ein smakebit på studentlivet og avsluttingsseremoniar for ferdig uteksaminerte kandidatar ved fakultetet kvart semester.

Ved sida av dei faste arbeidsoppgåvene mine får eg og brynt meg litt på statistikkarbeid og oversiktsarbeid for seksjonen og vore med på enkelte større og mindre utviklingsarbeid både i studieseksjonen og rundt om på fakultetet.

Hvordan får du bruk for utdannelsen din i jobben?

Den stillinga eg har no krev at eg har organisasjonsforståing og ser korleis strukturane i organisasjonen er. Her får eg verkeleg brukt faget mitt i praksis. Det å vera superbrukar i ulike system og vera med på innføra nye system og rutinar gjer og at eg heile tida får brukt kunnskapane om implementering og endringar i systemstrukturar.

Hva tenker du på som det beste ved studietiden ved UiB?

Det at eg hadde moglegheit til å prøva og feila litt og fekk ta emne innan fleire fagområde. Når ein begynnar på universitetet har ein gjerne ein ide om kva ein vil gjera, men etter kvart finn ein gjerne ut at det ein eigentleg vil jobba med er noko heilt anna. Då er det godt å vita at eit val ikkje er endeleg å læra at uansett kva ein har gjort tidlegare er det ikkje vekkasta.