Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Prosjektkoordinator i Naturvernforbundet

Synnøve Kvamme fullførte sin mastergrad i Administrasjon og Organisasjonsvitenskap i 2017, og jobber nå som Prosjektkoordinator og organisasjonsutvikler i Naturvernforbundet Hordaland.

Gjennom utdanninga mi har eg lært om ulike organisasjonsteoriar, leiing og politikk, og om teoriar om berekraftig styring basert på empirisk forsking.

Kan du fortelle litt om arbeidet ditt? Hva er de konkrete arbeidsoppgavene dine?

Eg er prosjektkoordinator for tre forskjellige prosjekt, i tillegg har eg ansvar for administrasjon, oppfølging av frivillige og organisasjonsutvikling, så arbeidsoppgåvene mine er veldig varierte. Eg planlegg og gjennomfører møter og arrangement i samarbeid med frivillige og samarbeidspartnarar, til dømes opne møter om forskjellige miljøproblem og løysingar, "naturgledeturar" og plastryddingsaksjonar. Det går òg ein god del tid med på å skriva prosjektsøknadar og rapportar, og eg har ansvaret for økonomien i prosjekta eg koordinerer.

Hva er det beste med jobben din - og det mest utfordrende?

Det beste med jobben min er å kunna jobba med det eg brenn for - natur og miljø. Det er òg veldig kjekt å få jobba med så mange frivillige eldsjeler, og å jobba for at fleire engasjerer seg i miljøsaker og berekraftig utvikling. Det mest utfordrande er nok å ha så mange forskjellige ansvarsområde og oppgåver som skal løysast parallelt, men samtidig er det kjekt med den store variasjonen.

Hvordan får du bruk for utdannelsen din i jobben?

Gjennom utdanninga mi har eg lært om ulike organisasjonsteoriar, leiing og politikk, og om teoriar om berekraftig styring basert på empirisk forsking. Ikkje minst har eg lært å jobba sjølvstendig. Alt dette kjem godt med i denne jobben.

Hva var det som gjorde at du valgte admorg ved UiB?

Eg var særskilt interessert i å læra meir om demokrati, politikk og ulike styreformer, samtidig som eg visste at dei frie studiepoenga ville gje meg fridom til å fordjupa meg i miljøspørsmål. For meg var det ein ideell kombinasjon.