Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
NYHET

Frå masteroppgåve til publisert artikkel.

Magnus Sirnes Hjellum og Per Lægreid med publikasjon i Safety Science.

Hjellum and Lægreid
Foto/ill.:
Foto: UiB

Våren 2018 levert Magnus Sirnes Hjellum si masteroppgåve «Forsvarets bistand til politiet. Endringer i bistandsinstruksen etter 22. juli 2011» under veiledning av professor Per Lægreid. Saman har dei to vidareutvikla oppgåva til ein vitskapleg artikkel som nå er publisert i tidsskriftet Safety Science under tittelen «The challenge of transboundary coordination: The case of the Norwegian police and military.»

Artikkelen ser på korleis koordineringa mellom forsvaret og politiet i Norge har utvikla seg sidan terrorhandlinga 22. juli i 2011. Hjellum og Lægreid ser spesielt på utviklinga av korleis politiet kan be om assistanse frå forsvaret i krise situasjonar, og korleis dei har samarbeida rundt implementeringa av nytt regelver knytt til objektsikring. Les meir om, og heile artikkelen i sin heilskap HER.