Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Ny bok

Sikra likestilling i Sør-Asia?

Professor Ishtiaq Jamil med ny bok om integrering av kjønnsperspektiv i Sør Asia.

Book cover
Foto/ill.:
Palgrave Macmillan

Hovedinnhold

Saman med Salahuddin M Aminuzzaman, Syeda Lasna Kabir og M Mahfuzul Haque, har Ishtiaq Jamil publisert boka "Gender Mainstreaming in Politics, Administration and Development in South Asia". 

Boka utforska og analysera integrering av kjønnsperspektiv i Sør Asia. Kjønnsintegrering som konsept omhandlar å fjerne ulikskapar mellom menn og kvinner, om lik tilgang til resursar, inkludering og deltaking i den offentlege sfæren, representasjon i det offentlege, og myndiggjering. Alt med sikte om like høve for kvinner og menn i familie livet, samfunnet, forvaltninga, politikken og i økonomien.    

Utfordingane med dette er store i Sør Asia. Spesielt sett i konteksten av patriarkalske, religiøse og kastebaserte sosiale normer og verdiar. Menn sin dominans i politikken, forvaltninga og økonomien er tydeleg. Men i dei siste åra ser ein at fleire kvinner deltar i politikken på lokalt og nasjonalt nivå, i forvaltninga og i økonomiske aktivitetar. Er likestillinga i Sør Asia sikra?

Meir informasjon om boka HER