Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Digital undervisning

Digital lunsj

Instituttet tar i bruke nye metodar for å samlast i lunsjpausen.

Digital lunsj
Foto/ill.:
Charlotte Lillefjære-Tertnæs

Hovedinnhold

I ei tid der dei tilsette ved institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap, og alle andre ved UiB, må arbeide frå kvar sitt heimekontor er det fint og ha arenaer der alle kan treffast.  På linje med Verdsorganisasjonen for helse (WHO) trur me på ”physical distancing” framfor ”social distancing”.

På initiativ frå leiinga samlast heile 16 personar til instituttet sin første digitale lunsj. Alle grupper var representert, både vitskaplege og administrative tilsette, frå PhD til emeritus. Og alle var samde om at dette var eit konsept som kunne gjentakast meir regelmessig i den kommande tida.

Lunsjen var og eit godt høve for fleire å nytte UiB sitt nye system for å gjennomføre sanntidsundervisning på nett, nemleg Zoom. Eit system fleire både studentar og tilsette vil bli betre kjent med i tida framover når instituttet går inn i ein stadig meir digital kvardag.