Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
NY PUBLISERING

Vellukka handsaming av Covid-19 i Norge?

Balansen mellom kapasitet og legitimitet i fokus i ny artikkel frå Christensen og Lægreid.

Illustrasjon ordsky Covid-19
Foto/ill.:
Illustration: Colourbox

Hovedinnhold

Som to av dei første som publisera på tematikken er Per Lægreid og Tom Christensen ute med artikkelen ”Balancing governance capacity and legitimacy ‐ how the Norwegian government handled the COVID ‐19 crisis as a high performer” i Public Administration Review.

Artikkelen tar for seg korleis Norge har handsama koronapandemien. Samanlikna med mange andre land klarar Norge seg godt, og forfattarane meinar at dette må forstås utfrå konteksten av kompetente politikarar, høg grad av tillit i samfunnet, eit påliteleg og profesjonelt byråkrati, ein sterk stat, ein god økonomisk situasjon, ein stor velferdsstat og låg befolkningstetthet.

Staten klarte å kontrollere pandemien relativt raskt ved å ta i bruk ein undertrykkingsstrategi, etterfølgt av en kontrollstrategi. Dette basert på ein samarbeidende og pragmatisk beslutningsstil, vellukka kommunikasjon med publikum, mykje ressursar og eit høgt nivå av tillit til staten. Den påståtte suksessen i Norge handlar om forholdet mellom evna til krisehandsaming og legitimitet. Kriseleiing er mest vellukka når den er i stand til å kombinere demokratisk legitimitet med styringskapasitet.

Les heile artikkelen HER.