Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Ny publisering

Ingeniørar og læringsutbytte

Omsetjing og lagdeling er to av funna i Kvilhaugsvik sitt studie av to studieprogram innanfor ingeniørfag

Hanne Kvilhaugsvik
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Hanne Kvilhaugsvik med ny publisering i  Nordic Journal of Studies in Educational Policy med tittelen "Engineering learning outcomes:Translations of a policy instrument in a disciplinary context in Nordic higher education". 

Læringsutbytte har blitt eit sentralt innslag i høgare utdanning i Europa, og er meint som eit verktøy som skal føra til omfattande endringar i undervising, relevans, kvalitet og transparens. Samstundes har det vore få studiar av korleis læringsutbytte har blitt iverksett innanfor disiplinar.

Denne artikkelen undersøker derfor innføringa av læringsutbytte i norsk høgare utdanning i eit komparativt casestudium av to studieprogram innanfor ingeniørfag. Slike studieprogram blir ofte framstilte som døme på særs relevant høgare utdanning, og det er etablerte tradisjonar for samarbeid med arbeidslivet. Standardar er dessutan eit kjenneteikn både i utdanning og arbeidsliv, og samla kan dette tyda på at læringsutbytte kunne fungera godt i denne konteksten.

Artikkelen bruker translasjon som teoretisk perspektiv med vekt på stiavhengigheit, og drar vekslar på omgrepa laglegging og driv. Artikkelen byggjer på empiri frå kvalitative intervju og dokumentmateriale.

Funna syner læringsutbytte som ein sirkulerande masteridé som blei introdusert før dette blei eit formelt krav. Læringsutbytte blei innført som eit nytt lag til revisjonar av utdanningane og blei tilpassa tradisjonar i disiplinen. Sjølv om introduksjonen førte til strukturelle endringar, syner dei to casane fleire utfordringar ved bruk av læringsutbytte for undervisings- og informasjonsføremål.

Les heile artikkelen HER