Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Ny publisering

Brubygging mellom høgare utdanning og arbeidsliv?

Hanne Kvilhaugsvik undersøker arbeidslivspanel si rolle i styring av høgare utdanning i Danmark og Noreg.

 Illustrasjon
Foto/ill.:
Illustration: Colourbox

Hovedinnhold

Hanne Kvilhaugsvik er ute med ny artikkel i «European Journal of Higher Education» med tittelen "Bridging higher education and the world of work? Employer panels in Nordic university governance".

Universitet blir møtte med ei forventing om å samarbeida med samfunnet og arbeidslivet for å sikra relevans i høgare utdanning. Eit døme på dette er innføringa av obligatoriske arbeidslivspanel, der eksterne medlemmar blir inviterte inn for å gi universitet råd om studieprogram. Denne artikkelen undersøker arbeidslivspanel si rolle i styring av høgare utdanning i Danmark og Noreg, og finn både ei vektlegging av felles interesser og døme på spenningar i slike samarbeid.

Artikkelen er basert på eit komparativt casestudium av to danske aftagerpanel og to norske Råd for samarbeid med arbeidslivet. Panela blir analyserte utifrå eit historisk-institusjonelt perspektiv med vekt på stiavhengigheit og innfelt aktørskap, gjennom bruk av litteratur om velferdsstatsmodellar og politisk økonomi. I materialet inngår det intervju med ni panelmedlemmar samt dokument frå panel og universitet.

Artikkelen finn likskapar i bakgrunnen for innføring av arbeidslivspanel i Danmark og Noreg, men også skilnadar i struktur og regulering, der dei danske panela er meir spesialiserte og direkte knytte til studieprogram. Funna tyder på at panela kan byggja på etablerte former for samarbeid med arbeidslivet, og at det er lagt vekt på felles interesser i panela. I artikkelen blir dette drøfta i lys av nordiske tradisjonar for koordinering og som ein brubyggingsstrategi for universitetsleiarar. Funna tyder på at leiarar kan forma panela gjennom å handtera rekruttering, dagsorden og oppfølging, men artikkelen peikar også på spenningar og moglege utfordringar for samarbeid.

Les heile artikkelen HER