Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Styringskonferansen 2012

Tirsdag 30. og onsdag 31. oktober gjennomførte Instituttet for administrasjon og organisasjonsvitenskap Styringskonferansen i saman med Fagforbundet og Uni Rokkansenteret.

Foto/ill.:
Johannes S. Førde

Hovedinnhold

Under tematikken: "Politikkens grenseoverskridande utfordringar", og spørsmålet  "Hvordan håndtere utfordringer som krysser organisatoriske grenser i politikk og forvaltning?" samla medlem frå Fagforbundet og studentar frå Instituttet for administrasjon og organisasjonsvitenskap seg på hotel Terminus i Bergen.

På dag ein av konferansen fekk dei høyra akademisk innlegg frå professor Jon Pierre frå Gøteborgs Universitet, professor Per Lægreid og post.doc Lise H. Rykkja frå Universitetet i Bergen. Etterfulgt av eit innlegg frå departementsråd Ingelin C. Killengreen frå Fornyings-, administrasjon og kirkedepartementet. Spesielt kjekt for Universitetet si side var det å høyre sistnemnte innleiar si positive omtale av Bergensmiljøet innanfor forvaltningspolitikk.

Konferansen sin andre dag var via til Samhandlingsreforma. Her fekk tilhøyrarane innlegg frå leiar for Nasjonalt nettverk for samhandling Tor Åm, ordførar i Alta Laila Davidsen og forsker I ved Uni Rokkansenteret Jacob Aars.

Både studentane og deltakarane frå Fagforbundet verka godt nøgde med det faglegeinnhaldet på konferansen. Og instituttet vil få rette ein takk til alle som var med å bidra til arrangementet.