Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Fagkritisk dag

-Eit stort JA, og eit lite nei

Dette svarte Ida Margrete Ryssdal på spørsmål om ho hadde fått nytta adm.orgutdanninga si i jobban sin ved NAV Hordaland. Ho var ei av innleiarane på Fagkritisk dag ved institutt for adm.org, som hadde Arbeidsliv som tema.

Hovedinnhold

Målet med dette arrangementet er å hjelpe studentane til å tolke si eiga kompetanse i forhold til arbeidslivet,” seier Gunn Hundere, medlem av Fagutval for adm.org og off.org. Fagkritisk dag er ein viktig tradisjon ved universitetet, då denne dagen gjev studentane høve til å sjå kritisk på si eiga utdanning, og foreslå nye retningar.

Ida Margrete Ryssdal, delte sine erfaringar med det å søke jobb som admorgar. Ho jobbar til dagleg på Arbeidslivssenteret ved NAV Hordaland. Dette inneber å reise rundt til bedrifter og forsøke å hjelpe dei til å kunne oppfylle Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv, gjennom mellom anna undervisning, rådgjering, møter og kartlegging.

Admorgstudiet gav meg ei generell samfunnsforståelse, mellom anna av politikk, organisasjonar og historie, som hjelper meg å forstå dei ulike bedriftene som eg besøker,”seier Ryssdal om sin eigen kompetanse. Ho meiner heilt klart at admorgutdanninga var hovudgrunnen til at ho fekk nettopp denne jobben, men trur at arbeidsgjevarane nok hadde eit inntrykk av at kompetansen hennar gjekk meir i retning av studiet Økonomi og administrasjon, som vert tilbydd ved Høgskulen i Bergen.

Thor Øyvind Jensen, vitskapleg tilsett ved instituttet, var også tilstades på arrangementetet. Han byrja sitt innlegg med å plassere faget admorg i ein samfunnsmessig kontekst. Han framheva mellom anna det at ein har ein lang tradisjon for oppdragsforsking, og at dette var bakgrunnen for å opprette Rokkansenteret, som samarbeidar tett med instituttet.

Vidare gjorde han greie for dei mangfaldige arbeidsmogelegheitene ein har som utdanna admorgar, og konkluderte med ”(…) ikke lynrask jobb, ikke superlønn, men relevant jobb i løpet av rimelig tid (…),” og at den typiske ”admorg-stillinga” befinn seg ca midt på karrierestigen.

Jensen gjorde også greie for kva kunnskap ein som admorgar kan tilby, her framheva han evnen til å vere kritisk, og kanskje for kritisk nokre gonger? Ved slutten av innlegget sitt reflekterte han over instituttet sitt ansvar for å marknadsføre studentane, og det at ein del bacheloroppgåver kunne ha vore noko betre gjennomførde.

Karrieresenteret var representert ved dagleg leiar Rønnaug Tveit, som gjorde greie for adm.orgutdanninga generelt, i forhold til dagens arbeidsmarknad. Ho meinte at det nok ville verte fleire arbeidsledige framover, også akademikarar, men at det ikkje var våre bransjar som var mest utsette.

Spørsmålet ”Kva kan ein adm.orgar?” var det ingen i salen som kunne svare på. Det kunne imidlertid Tveit, som gjorde greie for ulike måtar å tolke ei samfunnsvitskapleg utdanning, og korleis ein kan presentere denne til andre. Vidare oppfordra ho studentane til å nytte Karrieresenteret som den ressursen det er.

Etter dei ulike innleiingane vart temaet debattert. Mellom anna kom det fram at praksis i utdanninga var eit viktig tiltak, og at ein burde prøve å få dette til også på adm.org. Andre ting som vart framheva i debatten var at kontakten mellom instituttet og bachelorstudentane er for dårleg, noko som mellom anna kjem til uttrykk gjennom lite kunnskap om forskinga som finn stad på instituttet blant bachelorstudentane. I debatten kom det også fram at instituttet og studentane har noko ulikt syn på statusen til bacheloroppgåvene, og at mykje kan gjerast betre i forhold til dette.

 

(saken er skrevet av Miriam Haugsbø, fagutvalet adm.org/off.org)