Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Skolen, nasjonen og medborgaren

Kjetil Børhaug er redaktør og bidragsytar i ei ny bok kalla "Skolen, nasjonen og medborgaren".

I denne antologien tar bidragsytarane på ulike måtar opp utfordringar knytte til nasjonal identitet, fellesskap, historieforståing og samfunnsmessig deltaking i ei tid prega av globalisering, innvandring og større grad av ulikskap.
 
Boka er sett saman av elleve bidrag frå  Noreg, Finland, Sverige og Danmark. Boka er forankra i norsk utdanningspolitikk og norsk skule, men presenterer utfordringar slik dei syner seg i dei einskilde landa. Artiklane kan på ulike vis knytast til samfunnsfaget i skulen. Boka er eit bidrag til den fagdidaktiske litteraturen innanfor samfunnsfaga generelt og drøftar innhaldsmessige utfordringar for dette fagfeltet.

Les meir her