Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

NEON-prisen 2012 til Torodd Strand

Nettverk for organisasjonsforskning i Norge sin ærespris vart under NEON-dagane i Sogndal 20-21 nov. tildelt professor emeritus Torodd Strand.

Hovedinnhold

Neon gir denne grunngjevinga for tildelinga:

Neon er eit nettverk for organisasjonsforsking som også opent for praktikarar. I medlemslista ser vi både rådgjevarar, konsulentar og andre med stillingstitlar som syner tilhøyrsle utanfor institutt, høgskular og universitet. I denne grenseflata mellom leiing som praksis og leiing som forskingstema har Torodd Strand ferdast meir enn dei fleste, og ein viktig grunn til at han får prisen er at han frå denne synsstaden har synt korleis det i ein norsk, akademisk kontekst er mogeleg å kople saman kritiske perspektiv på leiing, praktisk leiararbeid, rådgjeving og undervisning.

Vidare har han gjennom boka ”Ledelse- organisasjon og kultur”, oppsummert og framstilt store mengder organisasjons- og leiingsforsking på måtar som gjer at den skiljer seg ut mellom standardframstillingar av leiing. Strand syner korleis leiing kan varierer mellom mange kontekstar og korleis rommet for leiing både er avgrensa og ope for fortolking samstundes. Hos Strand framstår leiing ikkje berre som eit sett av av institusjonelle arbeidsoppgåver, men også som eit møtepunkt mellom uløyste problem, motsetningar, dilemma og paradoks.

Organisasjonskomiteen meiner Torodd Strand er ein velfortent og verdig mottakar av årets NEON-pris. Strand får prisen for å ha halde fanen høgt for leiingsdimensjonen i norsk organisasjonsforsking og for å ha synt korleis vi kan kople saman forsking om leiing, refleksjon om leiing som praksis og undervisning om leiing.