Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Fagdag Admorg

Fredag 16. august har nye studentar ein gylden anledning til å bli betre kjent med Instituttet for administrasjon og organisasjonvitenskap.

Gjennom ulike innlegg og aktivitetar vil deltakarane få kjennskap til både instituttet si historie og noko av forskinga som føregår her i dag.

Programmet er som følgjer:

10:00- 11:00 Husets mange historier v/Thor Øivind Jensen

11:00-11:45  Statsvitskapeleg quiz  , lag (4-6 personer)

12:15-13:15  Politiet - 'Big is Beautiful'? Om spenninga mellom nærpoliti og sentralisering v/Professor Anne Lise Fimreite og Visepolitimeisteren i Hordaland John Reidar Nilsen (SV-bygget, Stort auditorium).

13:15 – Annonsering av quiz vinnarane

Så møt opp på  Christiesgate 17, seminarrom 112.