Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
News

"Sikreste måten å avbefolke landsbygda på"

Professor Per Lægreid frå Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap vart intervjua om den nye regjeringa sin kommunalpolitikk i Vårt Land.

Illustrasjonsfoto: Det norske stortinget  (www.colourbox.no)
Foto/ill.:
Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

«Gevinsten av å legge ned kommuner er langt mindre enn regjeringen tror», seier Lægreid i innleiinga av sitt intervju med Turid Sylte i Vårt Land. Han peikar mellom anna på at i mange kommunar arbeidar dei fleste innbyggarane i kommunen, noko som kan få negative konsekvensar for busettinga i Noreg.

Lægreid legg og til at ein viss overhaling av kommunane kan vera fornuftig. Til dømes har tidligare studiar vist at færre kommunar kan få ein viss positiv effekt på tenestkvaliteten og kompetansen til dei tilsette.

Vidare i intervjuet påpeikar Lægreid at det i Noreg kan vera like mykje snakk om eit forventningsproblem, som eit effektivitetsproblem. Kravet om reformer kan skyldast like mykje om overdrivne forventningar som om dårlig tenestar.

Til slutt i intervjuet stille Lægreid seg kritisk til regjeringa sin plan om å avbyråkratisere. «De glemmer at den viktigste konkurransefordelen Norge har, er et velfungerende byråkrati». Han visar til eit større europeisk forskingsprosjekt (COCOPS) der Noreg kjem ut med eit meir velfungerande statsapparat enn dei fleste andre land som er med.